Hopp til innhold

Helsesekretær/Sekretær

Arbeidsgiver

Kontor medisin Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Helsesekretær/Sekretær
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest mandag 23. november

Seksjonen Kontor Medisin Ålesund søkjer etter helsesekretærar/sekretærar som ønskjer å bidra til god samhandling og til eit godt arbeidsmiljø.

Vi har ledig 60 % og 40 % fast stilling. Dette er p.t. ved to ulike poliklinikkar. 

Seksjonen vår sørvar seks ulike poliklinikkar, tre sengepostar og dokumentasjonssenter i Medisinsk avdeling. Ved behov frå drifta må ein kunne pårekne å måtte sørve andre stader internt i seksjonen enn der ein til dagleg arbeider.
Vi har ein kultur for samarbeid og fleksibilitet, noko som er avgjerande for å lukkast saman, spesielt sidan vi ikkje sit samlokalisert.
Vi har jamnlege personalmøter og samhandlar også mykje via ulike Teamskanalar og Helseplattformen. 


Arbeidsoppgåver

  • Sekretæren si rolle består overordna av service, logistikk, kommunikasjon/formidling, koordinering og førefallende arbeid
  • Hovudsakleg dagleg elektronisk pasientadministrativt arbeid i Helseplattformen - som omfattar tilvising og ventelistearbeid, inbasket/oppgåvemeldingsarbeid, oppfølgingsarbeid, rapport- og arbeidslistearbeid, malarbeid og dokumentbehandling m.m. 
  • Arbeidsoppgåver i skranke og telefon - vi har innført digital telefoni med call-back funksjon ved poliklinikkane våre
  • Tolkebestilling digitalt
  • Pasientreiser digitalt 
  • Tett samhandling med andre faggrupper

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær 
  • Gode datakunnskapar
  • Har du kjennskap til Helseplattformen så er det ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Personleg eignaheit vert vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og imøtekomande
  • Strukturert og ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig og påliteleg
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Samarbeidsorientert og bidreg til et godt arbeidsmiljø
  • Lærevillig og positiv til endring

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.    Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Merete Røren, Seksjonsleiar, +47 70 10 50 00, Merete.Roren@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5195266917
Stillingsprosent: 60, 40%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 23.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Merete Røren

Seksjonsleiar

+47 70 10 50 00

Merete.Roren@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c201211f-6015-43c3-9aa8-e3c146ee9419

Sist endret

10. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3181d5d82114402e9589174745292a33

Lignende annonser

Laster lignende annonser