ID 2375 Helsefagarbeidar natt Kjøtteinsvegen - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 55%
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Kjøtteinsvegen er eit bufellesskap med 4 bustadar og er ein del av Tunet buretteslag som høyrer til STOBO. Kjøtteinsvegen er organisert saman med Saghaugen bufellesskap og har felles leiar.
Det er personalbase knytt til bustadane, og avdelinga gir heildøgns omsorg til bebuarar som har behov for det. Bebuarane har individuelle vedtak om helsehjelp.
Kjøtteinsvegen har ledig fast 55% stilling for helsefagarbeidar på natt, frå snarast. Stillinga har arbeid i snitt kvar fjerde helg. Det er mogleg å få høgare stilling gjennom å kombinera med kveldsvakter og/eller nattevakter i Eining for habilitering sin ressursstab.Mål for avdelinga er å skapa ein trygg og omsorgsfull heim, gje god dagleg omsorg og sosial støtte, leggje til rette miljøet for eigenmestring og bidra til godt samarbeid med pårørande.
Som nattevakt har du ansvar for å følgje opp bebuarane gjennom natta, både pleie og omsorg og medisinsk oppfølging
Kvalifikasjonskrav:-
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
-
Søkjarar med anna helsefagleg utdanning vil bli vurdert
-
Barne- og ungdomsarbeidar eller assistentar med god relevant erfaring kan vurderast til stillinga.
-
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
-
Du må legge fram godkjent politiattest av nyare dato
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Assisterande avdelingsleiar Siv Hilde Solsvik, tlf 952 83 667 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c2002691-e026-4a31-8d5a-894e33888187
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
c2002691-e026-4a31-8d5a-894e33888187