Kommuneoverlege
Helse og velferd, Kinn kommune
PB 294, 6701 Måløy, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Kommuneoverlege
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 22. oktober
Kinn kommune søkjer ein engasjert og fagleg dyktig kommuneoverlege. Kommuneoverlegen er ein sentral rådgjevar for kommunedirektør og kommunens leiarar, og har ei nøkkelrolle i arbeidet med førebyggjande helsearbeid, smittevern, kriseberedskap og samarbeid på tvers av tenester. Stillinga er organisert i kommunedirektør sin stab Strategi og samordning.
Kommunen har eit breidt spekter av helse- og velferdstenester, og du vil få høve til å samarbeide tett med både fastlegar, leiarar og fagpersonar på tvers av tenesteområda. Kommunen er med i fleire utviklingsprosjekt på både regionale og på nasjonale nivå som kommuneoverlege vil vere viktig deltakar i.
Arbeidsoppgåver
- Medisinskfagleg rådgjeving og kvalitetssikring
- Overordna ansvar for smittevern og helsefagleg beredskap
- Rettleiing og samarbeid med fastlegar og øvrige helsetenester
- Deltaking i strategisk planarbeid, rekrutteringsarbeid og utviklingsarbeid
- Oppfølging av lovpålagde oppgåver som ligg til kommuneoverlegen.
- Rettleiing og samarbeid med dei kommunale tenestene.
- Proaktiv planlegging for ei eldre befolkning.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend spesialist i samfunnsmedisin er å fortrekke - eller at søkjar er under utdanning
- God kjennskap til kommunehelsetenesta, og pleie og omsorgstenesta, samt relevant lovverk
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
Personlege eigenskapar
Vi søker ein kommuneoverlege som er;
- engasjert, sjølvleiande, løysingsorientert og opptatt av godt samarbeid
- trygg i faglege vurderingar og god på kommunikasjon
- interesse for utvikling- og kvalitetsarbeid
- engasjert i førebyggjande helsearbeid.
Vi tilbyr
- Eit fagleg fellesskap med mellom anna assisterande kommuneoverlege og interkommunal folkehelseavdeling
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein utviklingsorientert kommune
- Gode høve til fagleg utvikling
- Fleksibel organisering med moglegheit for kombinasjon med klinisk arbeid
- konkuransedyktig løn
- Deltaking i regionalt kommuneoverlegenettverk
Kontaktinformasjon
Kjell-Arne Nordgård, Kommuneoverlege, 41459620, kjell-arne.nordgard@kinn.kommune.noArbeidsstad
PB 2946701 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5025663377
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c198d71f-b6a0-4073-b10b-08a91b0a4595
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ddba6826600847068a85c9b1df0f9f68