Tømrar og klar for nye utfordringar?
Vågegruppa
6105 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Tømrar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Er du tømrar i ei anna bedrift og nysgjerrig på nye utfordringar?
Driv du for deg sjølv, men kunne tenkt deg ein meir føreseieleg kvardag og eit større fagmiljø rundt deg?
Eller er de eit sjølvstendig tømrarlag som ønskjer ein solid samarbeidspartnar og tilgang på fleire prosjekt?
Vågegruppa har mykje å gjere og ønskjer fleire dyktige tømrarar med på laget!
Vi søkjer folk til både Volda Bygg og Hadarhus/Blink Hus Søre Sunnmøre, og kan tilby ein variert arbeidskvardag med prosjekt innan bustad, hytte, næringsbygg, rehabilitering og andre byggjeoppdrag.
Hos oss blir du del av eit større fagmiljø med flinke folk rundt deg, samtidig som kvardagen framleis er lokal og jordnær.
Som del av Vågegruppa har selskapa tilgang på kompetanse og ressursar på tvers av konsernet -- og det gir moglegheiter både for fagleg utvikling, meir ansvar og varierte arbeidsoppgåver.
Vi ønskjer også å kome i kontakt med sjølvstendige tømrarar og tømrarlag som er interesserte i samarbeid på prosjekta våre.
Dette kan vi tilby:-
Varierte prosjekt og arbeidsoppgåver på Søre Sunnmøre
-
Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
-
Eit større fagmiljø på tvers av Vågegruppa
-
Moglegheit til å utvikle deg og ta meir ansvar
-
Konkurransedyktige vilkår
-
Fast og føreseieleg arbeid for deg som ønskjer fast tilsetjing
-
Moglegheit for samarbeid for deg som ønskjer å halde fram som sjølvstendig
-
Har fagbrev som tømrar eller god relevant erfaring
-
Er kvalitetsmedviten og løysingsorientert
-
Trivst med å arbeide både sjølvstendig og saman med andre
-
Har førarkort klasse B
-
Meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk
Ta ein prat med oss!
Du treng ikkje ha bestemt deg for å byte jobb.
Kanskje er du berre nysgjerrig på kva vi kan tilby, eller ønskjer å høyre meir om moglegheitene i Volda Bygg, Hadarhus/Blink Hus Søre Sunnmøre og Vågegruppa.
Ta kontakt med HR- og HMS-leiar Alex Heltne for ein uforpliktande prat.
Alex: alex@avage.no | tlf. 957 27 926
Om bedriften
Vågegruppa er eit familieeigd bygg- og anleggskonsern med sterke røter på Sunnmøre og meir enn 70 års historie. Konsernet består av A. Våge, SunnKran, Volda Bygg og Hadarhus/Blink Hus Søre Sunnmøre, og har i tillegg eigarinteresser i Nordfjord Betong og Mulvik. Selskapa arbeider innan mellom anna bustad- og hyttebygging, bygg og rehabilitering, betong- og kaikonstruksjonar, kran og løft og eigedomsutvikling. LinkedIn
Selskapa har sine eigne fagmiljø og prosjekt, men samarbeider tett og deler kompetanse og ressursar på tvers. Som tilsett i Vågegruppa blir du dermed del av eit større fagmiljø med varierte prosjekt og gode moglegheiter for utvikling -- samtidig som vi ønskjer å ta vare på den lokale forankringa og korte vegen frå idé til handling.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c190d1a2-83e5-466b-aaf3-f9349770cb3e
- Sist endret
7. oktober 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
477764448