Rusvernkonsulent
Bømlo kommune
Bøtun 3, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Rusvernkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Er du vår nye kollega?
Psykisk helse og rus i Bømlo kommune har frå 2. januar 2026 ledig stilling som rusvernkonsulent. Me ser etter deg som skapar gode relasjonar og driv fagleg utvikling framover.
Verksemda vår er i stadig utvikling, med over 20 dedikerte tilsette. Me tilbyr støtte og behandling til vaksne innbyggjarar som har utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus, og jobbar for å møte menneske med respekt, fagleg tyngde og heilskapleg forståing.
Frå 1. januar 2023 vart rustenesta, psykisk helseteneste, miljøteneste og Nyving – møteplass og aktivitetstilbod – integrerte tenester i verksemda. Dette har styrka vårt tverrfaglege samarbeid og gitt oss eit breitt og samordna tenestetilbod.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging av vaksne med rusutfordringar.
- Yta bistand tilpassa den enkeltes behov.
- Samhandling med interne og eksterne instansar.
- Innsøking til behandling.
- Bidra i utviklingsarbeid.
- Ein andel ambulerande oppgåver.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant 3-årig bachelor innan helse eller sosial.
- Vidareutdanning innan psykisk helse og rus.
- Førarkort klasse B.
I tillegg er det ønskjeleg med:
Personlege eigenskapar
- Du har god relasjonskompetanse og samarbeidsevne.
- Du har evne til å tenkje heilskapeleg.
- Du er fagleg trygg og ansvarsbevisst.
- Du er strukturert og har evne til å arbeida sjølvstendig.
- Du er fleksibel og likar utfordringar.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Fleksibel arbeidstid med arbeid på dagtid.
- Gode høve for utvikling.
- Ekstern vegleiing.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søkje stilling uavhengig av bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25. - Etter helse og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til godkjend politiattest før tiltreding i stillinga.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga eller rekrutteringsprosessen, kan du ta kontakt med avdelingsleiar Ann-Elisabeth Haldorsen eller verksemdsleiar Synnøve Sørvik.
Kontaktinformasjon
Ann-Elisabeth Haldorsen, Avdelingsleiar, 936 55 289, ann.elisabeth.haldorsen@bomlo.kommune.noSynnøve Sørvik, Verksemdsleiar, 986 62 884, synnove.sorvik@bomlo.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5011817584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c1757090-4c3f-4ca0-b516-0a0bfde5eb8a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b7c5b1690eda43e7af63c22a72bb637a