Psykolog/Psykologspesialist
Stord DPS/BUP
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog/Psykologspesialist
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Vi har ledig 1-års vikariat frå 01.12.26 som psykolog eller psykologspesialist i allmennteamet ved poliklinikken.
Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS/ BUP er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar.
Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Vi etablerte lokalt Kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forsking. Vi har implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande).
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostikk og behandling
- Tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing til samarbeidspartnarar
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging (rettleiing, undervisning,teamarbeid)
- Muligheter for deltaking i fylkeskommunalt psykologtilbud på VGS (1 dag i veka)
- Ved spesialist: Spesialistoppgaver, t.d. rettleiing av psykologar/ psykologar i spesialisering
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Erfaring frå arbeid i DPS/ VOP, eller arbeid med individualterapi i kommunal regi
- Interesse for psykologifaget og utvikling av behandlingstilbod
- Fortrinnsvis fordjupning i klinisk vaksenpsykologi eller psykolog påbegynt slik fordjuping
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø - som er høgt prioritert ved SDPS!
- er strukturert og har ein sterk gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Vi tilbyr
- Stillinga er dagstilling, 37,5 t/veke
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Fagleg og personleg utvikling.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Kontaktinformasjon
Øydis Grov, Funksjonsleiar SDPS, 97084406, oydis.grov@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5019412456
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 30.11.2027
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c1335a05-9f09-469f-aab8-b8d03ed45a01
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4b9f7fe125164feda249e7dd5f31e72d