Sjukepleiar 100% fast stilling
Gvarv legesenter
Gvarvgata 69, 3810 Gvarv
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar - fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 28. september
Gvarv legesenter er eitt av to legekontor i Midt-Telemark kommune, og ligg sentralt plassert ved Gvarv bru. Legesenteret held til i moderne, lyse og trivelege lokale som gir gode arbeidsforhold for både legar og helsesekretærar.
Vi har opningstid frå kl. 08.00 til 15.30 på kvardagar, og fungerer i tillegg som daglegevakt for kommunen. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med eit breitt spekter av oppgåver og pasientgrupper.
Ved legesenteret er det seks fastlegar og éin LIS1-lege. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø, tett samarbeid og fagleg utvikling. Hjelpepersonellet rullerer mellom arbeid i resepsjon, laboratorium og skadestove, noko som gir ein variert arbeidsdag og høve til å utvikle brei og allsidig kompetanse.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø som arbeider saman for å gi innbyggjarane i Midt-Telemark gode helsetenester. Vi tilbyr eit triveleg arbeidsmiljø, spennande faglege utfordringar og moglegheit til å vere med på å utvikle tenestene vidare.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver på laboratoriet:- Ta blodprøver og andre laboratorieprøver.
- Utføre EKG og spirometriundersøkingar.
- Utføre sårstell og sårskift.
- Bistå legane i ulike medisinske og administrative oppgåver.
- Utarbeide og oppdatere prosedyrar og rutinar.
- Gjennomføre kontrollar og oppfølging av pasientar etter gjeldande rutinar.
- Handtere andre oppgåver som naturleg høyrer til laboratoriedrifta.
- Følgje opp og behandle meldingar som kjem inn via Helsenorge.
- Svare på telefon og handtere innkomande førespurnader.
- Ta imot og ekspedere pasientar i resepsjonen.
- Bestille tolketenester, transport (taxi) og andre nødvendige tenester for pasientar.
- Utføre andre administrative oppgåver knytt til resepsjonsarbeidet.
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Autorisert sykepleier
- Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B2 nivå)
Personlege eigenskapar
- Glad i å arbeide med menneske
- Evne til å handtere ein travel og hektisk arbeidskvardag
- Gode samarbeidsevner og evne til å samarbeide med ulike yrkesgrupper
- Fleksibel og omstillingsdyktig
- Evne til å skape tryggleik for pasientar i ulike situasjonar
- Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne oppgåver
Personlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Eli Aaland, Avdelingsleiar, +47 90170836Arbeidsstad
Gvarvgata 693810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5169014902
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Eli Aaland
Avdelingsleiar
+47 90170836
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c0f36ab8-585f-43e4-9764-c98b2ed49915
- Sist endret
15. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
12225caa308543e4803bfea35a6867e9