Ledig stilling som Elektriker-Automasjon-Energimontør
TNett As
3891 Høydalsmo
Om jobben
- Stillingstittel
- ELEKTRIKER-AUTOMASJON-ENERGIMONTØR
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. oktober
Ynskjer du ein spanande og variert arbeidskvardag i eit framtidsretta nettselskap med hovudkontor i Vest-Telemark? Då kan dette vere moglegheita du har venta på!
TNett driftar straumnett i Vest-Telemark, og forvaltar både regionalnett og distribusjonsnett i regionen. Me søkjer no etter ein engasjert og løysingsorientert medarbeidar med fagbrev innan elektrofag (gruppe L), gjerne med kompetanse eller interesse innan automasjon eller tilsvarande fagområde.
Hos oss får du arbeide med drift, vedlikehald og utvikling av kritisk infrastruktur, i eit fagmiljø der samarbeid, tryggleik og kvalitet står sentralt.
Me ser etter deg som:
-
Har fagbrev innan elektrofag (gruppe L), energimontørfaget eller automasjon
-
Er interessert i ny teknologi og framtidas energiløysingar
-
Arbeider sjølvstendig og tek ansvar
-
Er positiv, serviceinnstilt og samarbeider godt med andre
-
Behersker digitale verktøy effektivt.
-
Har høgt fokus på sikkerheit.
Bli med og sikre ei trygg og stabil straumforsyning for innbyggjarane i Vest-Telemark!
Løn og andre vilkår i samsvar med sentral og lokal avtale. Konsernet har eiga pensjonskasse med vilkår som i andre offentlege ordningar og gode velferdstilbod elles.
Spørsmål om stillingane kan rettast til TNett AS ved Nettsjef Gunnar Snarteland på tlf. 350 75 738 / 350 75 700.
Søknad med CV og kopi av vitnemål/attestar vert å sende på e-post til firmapost@vtk.no. Søknader behandlast fortløpande.
Søknadsfrist: 01. Oktober 2026
Heimeside: www.tnett.no
Om bedriften
Vest-Telemark Kraftlag blei stifta i 1940 og er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommune. Selskapet er i dag organisert som eit konsern med morselskap og to dotterselskap, Vest-Telemark Kraftlag AS og TNett AS.
TNett driftar straumnett i Vest-Telemark, og forvaltar både regionalnett og distribusjonsnett i regionen.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c0d65f4b-13ef-4acc-ac96-03254f1bf7a0
- Sist endret
15. september 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
476050805