Hopp til innhold

Forskar II stilling innan protonterapi

Arbeidsgiver

Kreftklinikken/ Kreft medisinsk fysikk, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Forsker II
Type ansettelse
Fast, deltid 10%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Vi lyser no ut forskar II-stilling knytta til forskingsaktiviteten innan protonterapi. Vi søker etter ein forskar med akademisk tilknyting og relevant forskingskompetanse innan protonterapi, som kan ha ei bistilling ved sjukehuset for å bidra til og vidareutvikle forskingsaktiviteten innan protonterapi.

Stillinga lysast ut frå Kreftklinikken ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, som er ein sentral aktør i nasjonal kreftbehandling og -forsking. Klinikken har lang erfaring med gjennomføring av kliniske studiar og deltar aktivt i utviklinga av nye behandlingsmetodar i samarbeid med Universitetet i Bergen og nasjonale og internasjonale partnarar. 


Arbeidsoppgåver

  • Vi ønsker ein person som kan vere ein aktiv del av forskingsmiljøet ved Kreftklinikken og ha ei fast tilknyting til Protonbygget. Aktivitetane i stillinga vil kunne innebere fagleg utvikling, rettleiing, forskingsaktivitetar innan protonterapi og internt og eksternt samarbeid
  • Stillinga gir rom for fleksibilitet, og arbeidsoppgåvene vil tilpassast kandidatens kompetanse og behov knytta til eksisterande stilling
  • Oppstart og lønn etter avtale. 

Kvalifikasjonar

  • Akademisk stilling innan medisinsk fysikk ved utdanningsinstitusjon
  • Dokumentert forskingskompetanse innan protonterapi
  • Kompetanse innan strålebiologi, dosimetri, programmering og modellering er ønskeleg
  • Erfaring med programvare for doseplanlegging er ønskeleg
  • Ferdigheiter i programmering og bruk av statistikkverktøy
  • Dokumentert god publiseringserfaring
  • Rettleiingserfaring
  • Breitt internasjonalt nettverk innan protonterapiforsking

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • Stor interesse og motivasjon for forsking
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Bidrar til eit godt samarbeidsmiljø

    Vi tilbyr

    • Moglegheiter for samarbeid med veletablerte nasjonale og internasjonale grupper innan stråleterapi og protonterapi
    • Lønn etter gjeldande satsar 
    • Pensjonsordning i KLP 
    • Velferdsordningar og rabattar som gjeld alle tilsette 
    Søknad må innehalde
    • Søknadsbrev
    • Curriculum Vitae
    • Publikasjonsliste
    • Navn og kontaktinformasjon til referansar (namn, relasjon til søkar, e-post og telefonnummer)

     

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Einar Waldeland, Seksjonsleiar, 90825553

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5182143162
    Stillingsprosent: 10%
    Fast
    Søknadsfrist: 22.09.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Einar Waldeland

    Seksjonsleiar

    90825553

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    c0ce2254-5fce-41f5-92c8-fa9d741ab50b

    Sist endret

    17. september 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    b77500f79f1441919f5eff484b259223

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser