Hopp til innhold

Vieåsen barnehage har ledig stilling som

Arbeidsgiver

Sunnfjord kommune Vieåsen barnehage

Sted

Rennekleiva 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 20. oktober

Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her!

Sunnfjord kommune driv 16 kommunale barnehagar og vi vil tilby eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Vårt mål er trygge barn som trivast. Vi ønsker å gje dei gode vilkår for leik, læring og utvikling. Til dette treng vi fleire med på laget.

Vi har ledig:

  • 100 % stilling som barnehagelærar der 60 % er fast stilling og 40 % vikariat frå 02.11.2026. Vikariatet gjeld barnehageåret 2026/2027
  •  Vieåsen barnehage har 4 avdelingar, vi er 7 pedagogar.

    Barnehagane kan tilby deg:

    • god oppfølging av nytilsette
    • deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
    • systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
    • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
    • gode pensjons- og forsikringsordningar

    Kvalifikasjonar:

    • du er utdanna som barnehagelærar
    • du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
    • du har gode evner til å leie barn 
    • du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
    • du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
    • du likar å delta i leik med barna
    • beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg
    • godkjent politiattest

    Vi har behov for tilkallingsvikarar også, så om det kan vere av interesse for deg så sender du ein søknad. 

    Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen håpar vi du vil søke på stilling hos oss.

    For meir informasjon om dei ulike barnehagane sjå Sunnfjord kommune si heimeside. 

    Du søker elektronisk.

    Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

     

    For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Sissel Elin Årdal mobil 95143280 eller epost sissel.elin.ardal@sunnfjord.kommune.no.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Sissel Elin Årdal

    +47 951 43 280 +47 57 82 32 59

    sissel.elin.ardal@sunnfjord.kommune.no

    Om bedriften

    Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    c0bbf9ac-9b54-4e5a-aed2-6f66b22b950f

    Sist endret

    9. oktober 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3668883_143463_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser