Assistent eller helsefagarbeidar? Bli med på laget vårt!
Osterøy kommune
Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
Om jobben
- Stillingstittel
- Assistentar/helsefagarbeidarar- helgestillingar ved somatisk avdeling.
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 14. oktober
Om stillinga
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelte på tre avdelingar, med tre til fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9–11 pasientar. Me har eige kjøken og eigen lege.Me søkjer etter assistentar og helsefagarbeidarar som ønskjer å arbeida fast helg ved somatisk avdeling på Osterøytunet. Det kan òg vere moglegheiter for vikariat. Helgestillingane ved somatisk avdeling varierer frå 14,79 % til 17,37 %, med arbeid kvar tredje eller kvar fjerde helg. Det vil også vere moglegheit for ekstravakter.
Me har no ledige fire faste helgestillingar med oppstart frå 01.12.2026. Det kan òg vere aktuelt med vikariat.
For nærare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med kontaktpersonen vår.
På Osterøytunet nyttar me moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate.
Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø, der medarbeidarane får bidra med erfaringane sine og vere ein del av utviklinga av tenestene.
Kven søkjer vi etter?
- du er trygg, omsorgsfull og respektfull i møte med pasientar og pårørande
- du arbeider sjølvstendig og tek ansvar
- du samarbeider godt med kollegaer
- du er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- du har interesse for fagutvikling og ønskjer å bidra i utviklinga av tenestene
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Vi tilbyr deg
- ei spanande og gjevande stilling
- god opplæring
- samarbeid med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme
- moglegheit for fagleg utvikling
- moglegheit til å påverka eigen arbeidsplan i planlegginga av årsturnusen kvar haust
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- heilskapleg omsorg og pleie
- praktiske oppgåver i avdelingane
- bistand og rettleiing ut frå behova til pasienten
- målretta miljøarbeid
- bruk av digitale plattformer og journalsystem
Kvalifikasjonar
- me søkjer etter helsefagarbeidarar, men andre med relevant erfaring kan òg søkja
- det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i sjukeheim eller eldreomsorg
- du må kunne kommunisera godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- det er ein fordel med kjennskap til digitale verktøy og journalsystem
- personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk
De er krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md om du får tilbod om stillinga.
Osterøy kommune har 6 md prøvetid
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c043e18d-d93a-43d4-bf41-24a95fce0406
- Sist endret
29. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10310745