Reinhaldsmedarbeider/Ressursteam
Reinhald, Time kommune, Samfunn og kultur
Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
Om jobben
- Stillingstittel
- Renholdsmedarbeider/Ressursteam
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. august
Me søkjer etter ein fleksibel og løysingsorientert medarbeidar til reinhaldstenesta sitt ressursteam. Dette er ei stilling for deg som trivst med variasjon, endringar og nye utfordringar i arbeidskvardagen.
Som ein del av ressursteamet vil du arbeida på ulike lokasjonar i kommunen, der arbeidsstad og arbeidsoppgåver kan endra seg på kort varsel. Du vil dekka opp ved fråvær, utføra utvask av kommunale bustader og bidra der behovet er størst. Difor er det viktig at du er sjølvstendig, tilpassingsdyktig og komfortabel med ein arbeidskvardag som sjeldan er heilt lik frå dag til dag.
Me ønskjer gjerne søkjarar med erfaring frå reinhald og relevant fagkompetanse. Samtidig veit me at gode medarbeidarar kjem med ulik bakgrunn. Dersom du ikkje oppfyller alle kvalifikasjonskrava, men har rett innstilling, høg arbeidsmoral og vilje til å læra, oppmodar me deg til å søkja. For den rette kandidaten vil me leggja til rette for opplæring og utvikling.
Reinhaldstenesta i Time kommune nyttar moderne arbeidsmetodar og har teke i bruk robotisert reinhald som ein naturleg del av tenesta. Me ser etter medarbeidarar som er nysgjerrige på nye løysingar og som ønskjer å utvikla seg i takt med ny teknologi.
Arbeidstida er frå kl. 06:00 til 13:30.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg og bustader
- Utvask av kommunale bustader ved utflytting og klargjering for nye bebuarar
- Dekka opp ved fråvær og akutte behov innan reinhaldstenesta på ulike lokasjonar i kommunen
- Bidra i vaskeriet ved fråvær eller behov for ekstra ressursar
- Bruka robotiserte reinhaldsløysingar og anna moderne reinhaldsteknologi
- Dokumentera utført arbeid i digitale system
- Bidra til god kvalitet, orden og hygienestandard i kommunale bygg og bustader
- Utføra andre relevante oppgåver innan reinhaldstenesta ved behov
Kvalifikasjonar
Erfaring frå reinhald er ønskjeleg
Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav
Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse
Me oppmodar også kandidatar utan erfaring til å søkja dersom dei er motiverte for å læra reinhaldsfaget og kan visa til gode personlege eigenskapar
Førarkort klasse B er krav
Grunnleggjande digitale ferdigheiter
Interesse for og vilje til å ta i bruk ny teknologi og robotiserte reinhaldsløysingar
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Er sjølvstendig og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver
Er løysingsorientert og handterer endringar på ein positiv måte
Har god gjennomføringsevne og evnar å prioritera når behova endrar seg
Er påliteleg, strukturert og opptatt av kvalitet i arbeidet
Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Er lærevillig og nysgjerrig på nye arbeidsmetodar og ny teknologi
Har interesse for utvikling av reinhaldsfaget og ønskjer å bidra til kontinuerleg forbetring
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariffavtale
Funksjonstillegg knytt til arbeid i ressursteamet
Ein variert og sjølvstendig arbeidskvardag
Opplæring og moglegheit for utvikling
Erfaring med moderne arbeidsmetodar og robotisert reinhald
Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid og fleksibilitet
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Izabela Tostensen, Avdelingsleder, izabela.tostensen@time.kommune.noArbeidsstad
Arne Garborgs veg 304340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5159381761
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c02ef0a9-68f1-49a8-b0c0-4ba45f78c02d
- Sist endret
5. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b1020a9b8ff349269dae42dd83a3bfe7