Helsefagarbeidarar - Stranda omsorgssenter, avdeling sjukeheimen
Stranda distrikt, Stranda kommune
Nymarkvegen 58, 6200 Stranda
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar - sjukeheimen
- Oppstart
- 2. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Det er ledig to faste stillingar som helsefagarbeidar på Stranda omsorgssenter, avdeling sjukeheimen frå 02.01.2026.
Stillingane er på 50 % og 75 %, spesifiser i søknaden din kva stilling du søkjer på. Arbeid etter til ei kvar tid gjeldande turnus.
Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår, vi har eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Vi søker helsefagarbeidarar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss. Vi nyttar datasystemet Visma Profil og programmet Visma Ressurs for turnusplanlegging.
Stranda omsorgssenter avdeling sjukeheimen ligg sentralt i Stranda tettstad. Her er vi samlokalisert med andre pleie- og omsorgstenester.
Sjukeheimen består av 5 avdelingar med 30 rom for langtidsopphald (både demens og somatikk) og 8 rom for korttidsopphald, palliasjon og KAD.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som helsefagarbeidar
Må ha gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg
Grunnleggande datakunnskap
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetting
Personlege eigenskapar
Evner til å jobbe sjølvstendig og i team
Pålitleg og punktleg med god arbeidsmoral
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver, samt innflytelse på eigen arbeidsdag
- Ungt og fagleg aktivt miljø
- Godt arbeidsmiljø prega av mangfald, fag og humør
- Treningsrom for tilsette
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Lønn etter tariff
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Kontaktinformasjon
Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180Arbeidsstad
Nymarkvegen 586200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5040893668
Stillingsprosent: 75, 50%
Fast
Startdato: 02.01.2026
Søknadsfrist: 26.11.2025
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bfd81020-176f-4854-99f5-97272a4d22ea
- Sist endret
11. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2dc640f393524029ae803286a42308ed
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Geiranger distrikt, Stranda kommune
Sted
Geiranger
Arbeidsgiver
Geiranger distrikt, Stranda kommune
Sted
Geiranger
Arbeidsgiver
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven, Sykkylven
Arbeidsgiver
Sunnylven distrikt, Stranda kommune
Sted
Hellesylt