Vernepleiar/sjukepleiar
Kringlemyr og ambulerende, Time kommune
Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleier/sykepleier
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. oktober
Miljøtenesta i Time kommune er i stadig vekst. Vi har for ledig stilling for tida ved Kringlemyr bufellesskap og ambulerande tenester, som er ein del av Miljøtenesta i Time kommune.
Me søkjer deg som er glad i å jobbe med menneske, og som har erfaring innan miljøarbeid, psykisk og somatisk helse og pleie. Du har erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, og er oppteken av å sjå den enkelte sine ressursar og moglegheiter. Du trivst i ein variert arbeidskvardag, tek ansvar og ønskjer å utvikle deg både fagleg og personleg. Samstundes er du ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt miljø for både tenestemottakarar og kollegaer.
Kringlemyr bufelleskap/ambulernde gjev tenestar til 24 brukarar i alderen 18 til ca 78 år. Fem av brukarane mottar tenester i tilknytning til basen. Resterande av brukarane mottar ambulerande timebaserte tenestar.
Arbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid i møte med den enkelte brukar
Bidra til å sikra forsvarlege pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk
Ansvarsvakt
Primær/sekundæransvar
Sikre eit godt samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidsparter
Ansvar for legemiddelhandtering
Oppfølging av kapittel 9 vedtak
Rettleiing av kollegaer og studentar
Fagleg kompetanseheving og utvikling
Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
I imiljøtenesta jobbar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte, med fokus på sjølvbestemming og fellesskap i samarbeid med pårørande. Vi bruker positiv atferdsstøtte (PAS) som verdi og rammeverk for tenesteytinga. Ernæring og "Bra mat" er også et viktig satsingsområde. Me har fokus på samdrift på tvers i heile kommunen.
Me jobbar for å halda eit høgt fagleg nivå, og har etiske refleksjonssamlingar. Dette gjer oss meir bevisste på kvifor me gjer som me gjer, og minner oss på at me alltid skal ha det beste for brukarane i fokus.
Eit positivt arbeidsmiljø med respekt for kvarandre er viktig. Me skal gjera kvarandre gode og er opptekne av at alle skal trivast på jobb. Slik gjer me også ein betre jobb for brukarane våre.
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad.
Kvalifikasjonar
-Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
-Erfaring med miljøterapi og tiltaksarbeid
-Erfaring med dokumentasjon og evaluering
-Kjennskap til kapittel 9 er ein fordel
-Personleg egnethet vektlegges
-Førarkort klasse B (manuell gir er en fordel)
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
- Er trygg når andre blir urolige.
- Er rolig når tempoet auke.
- Ein som veit at utvikling ofte skjer sakte — men at den skjer
- Tåler krevande situasjoner uten å ta det personleg
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Anita Ås, Avdelingsleiar, +47 90814821, anita.as@time.kommune.noArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5185520656
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bf4839c7-1d85-4a7b-a330-7d6f24edc2ca
- Sist endret
28. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cab1411dc512429c9dbfcc76af12fa39