Tilkallingsvikar - Reinhald, Voss sjukehus
Bemanningssenteret, Helse Bergen HF
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar reinhald ved Voss sjukehus
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 13. oktober
Seksjon Støttetenester har 27 stillingar og avdelinga har eit godt og stabilt fagmiljø med hyggelege kollegaer. Voss sjukehus har nær 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.
Vi søker tilkallingsvikarar som reinhaldar frå snarast ved Voss sjukehus. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Voss sjukehus.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald på avdelingar og fellesområde
- Vedlikehaldsoppgåver
- Smittevask
- Vask og reiing av senger
- Arbeidsoppgåver i postkjøkken
- Hovudreinhald
- Dag-, kvelds- og helgevakter
- Avdelinga har i tillegg reinhald av personalbustader
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter søkarar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget
- Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er òg av interesse
- Det er krav til gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vera utadvendt og serviceinnstilt
- Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- Kunne arbeide sjølvstendig men og ha gode samarbeidsevner
- Arbeidet er fysisk krevjande
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Godt fagleg arbeidsmiljø og teamarbeid med hyggelege kollegaer
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Siri Louise Visted, Seksjonsleiar , siri.louise.visted@helse-bergen.noCathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5021484035
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 13.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
be835f50-98d8-4ad1-921c-c49341bb5642
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1e259c752509400dbe5cfb6ec3278869