Kommunikasjonsrådgjevar
NOKUT
Drammensveien 288, 0283 Oslo
Om jobben
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. september
Om stillinga
NOKUT? Kva er det, og kva gjer dei? Dette er nok ikkje akkurat allmennkunnskap, så vi treng hjelp slik at fleire kan svare godt på spørsmåla. For å få til det skal vi styrkje laget med ein kreativ og initiativrik kommunikasjonsrådgivar med gode formidlingsevner.
Vi er på utkikk etter deg som har eit par års erfaring eller er relativt nyutdanna, og som allereie kan mykje, men samtidig har lyst til å lære enda meir. Du evnar å setje deg raskt inn i komplekse tema og formidlar dei på ein enkel og engasjerande måte, både skriftleg og munnleg.
Hos oss blir du med på å synleggjere NOKUTs arbeid med å sikre og utvikle utdanningskvalitet ved norske fagskular, høgskular og universitet. Du får høve til å utvikle deg i eit godt kommunikasjonsmiljø, prøve ut nye idear og bidra med både kreativitet og fagkunnskap. I tillegg er det viktig for oss at vi skal ha det bra saman når vi er på jobb.
NOKUTs kommunikasjonseining består av fem hyggjelege og dyktige medarbeidarar med brei og variert kompetanse. Vi har ansvar for NOKUTs kommunikasjonsarbeid – både strategisk og operativt, og vi samarbeider tett med resten av organisasjonen.
Dette jobbar vi med:
- redaktøransvar for intranett, heimesida og kontoar på sosiale medium
- pressekontakt og medieovervaking
- planlegging og gjennomføring av arrangement og andre aktivitetar
- kommunikasjonsfagleg støtte til NOKUTs avdelingar og leiing
- ansvar for NOKUTs visuelle profil og klarspråkarbeid
- kontakt og dialog med interessentar og andre samfunnsaktørar
Arbeidsoppgåver
Du får varierte oppgåver innan kommunikasjon, både sjølvstendig og saman med kollegaar. Til dømes vil du:
- skrive pressemeldingar, nyheitssaker og innhald til heimesida og intranett
- ha kontakt med journalistar og bidra i pressevaktordninga vår
- lage og følgje opp kommunikasjonsplanar for prosjekt
- vere med på å planleggje og gjennomføre arrangement
- prøve deg på andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til eininga
Kvalifikasjonar
For å kunne søkje må du ha:
- gode skriftlege og munnlege formidlingsevner
- utdanning på bachelornivå eller høgare, gjerne innan kommunikasjon, journalistikk, PR eller medium
- 1–2 år relevant erfaring, anten frå jobb, frivilligheit eller verv
I tillegg er det ein fordel om du har:
- innsikt i korleis journalistar jobbar og erfaring med mediehandtering
- god samfunnsforståing og kjennskap til utdanningssektoren
- god digital kompetanse, inkludert kjennskap til KI-verktøy og Microsoft365
Personlege eigenskapar
- glad i å samarbeida og trivst med å jobba med ulike personar
- flink til å ta initiativ og finne kreative løysingar
- strukturert og god gjennomføringsevne
- evne til raskt å forstå komplekse fagområde
Dette får du hos oss
- ein meiningsfull jobb der du bidreg til tilliten samfunnet har til norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning
- ein arbeidskvardag med variasjon – frå pressemeldingar og medierådgiving til innhaldsproduksjon og arrangement
- høve til å påverke korleis vi kommuniserer til målgruppene våre
- moderne lokale rett ved strandlinja på Lysaker, med kort avstand til kollektivknutepunkt (10 min. med tog frå Oslo S) og gode sykkelstiar
- god opplæring med fadder og introduksjonskurs
- eit kompetent og inkluderande kommunikasjonsmiljø der vi deler kunnskap, utfordrar kvarandre og speler kvarandre gode
- gode ordningar igjennom Statens pensjonskasse og NOKUTs velferdstilbod, inkludert trening i arbeidstida, mobiltelefonordning og subsidiert kantine
Stillinga lønast etter kvalifikasjonar som førstekonsulent/rådgivar i lønstrinn 483.800–650.000 kr. For å bli vurdert som rådgivar krevst minst 2 års relevant arbeidserfaring.
Vi ønskjer å spegle samfunnet
Har du nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller «hol» i CV-en, kan du ha med deg ei livserfaring og eit perspektiv som styrkjer arbeidsmiljøet vårt – både fagleg og sosialt. Vi legg til rette med til dømes fleksibel arbeidstid, tekniske hjelpemiddel og tilpassa kontorlokale. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert søkjar med slik livserfaring til intervju.
Vegen vidare
Send søknaden din elektronisk via «Søk stillinga» øvst på denne sida.
Vi ber om at du lastar opp digitalt signerte vitnemål, direkte frå Vitnemålsportalen, samt attestar under «Vedlegg» når du søkjer på stillinga.
Har du utdanning frå utlandet, legg du ved ei godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – er eit statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. NOKUT har eige styre og er fagleg uavhengig i oppgåvene som er definerte i universitets- og høgskulelova. I tillegg utfører vi forvaltningsoppgåver som er delegerte frå Kunnskapsdepartementet.
NOKUTs ambisjon er å sikre og bidra til å utvikle norsk utdanningskvalitet igjennom å vere eit framtidsrett og internasjonalt leiande kvalitetssikringsorgan for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.
I kommunikasjonseininga skal vi bidra til at NOKUT er ein pådrivar for kvalitet i utdanningane og når målet sitt om å halde samfunnet godt informert om kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg skal vi leggje til rette for deling av kunnskap og samhandling internt i NOKUT.
Vi har ansvaret for praktisk tilrettelegging og strategisk utforming av kommunikasjonsarbeidet i NOKUT. Vi har ansvar for samfunnskontakt og formidling, redaktøransvar for dei eksterne og interne nettsidene til NOKUT og planlegging og gjennomføring av ulike arrangement.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
be793f30-ed67-4067-be6f-916cf8bbc866
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261706