Hopp til innhold

Jordmor - inntil 100% mellombels

Arbeidsgiver

Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark, Vinje kommune

Sted

Jakob Naadlands veg, 3840 Seljord

Om jobben

Oppstart
1. oktober 2026
Stillingstittel
Jordmor - inntil 100% mellombels
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest onsdag 26. august

Vil du fylgje livets viktigaste augneblink i Vest-Telemark?

Som jordmor i Vest-Telemark får du arbeide i eit jordmorsamarbeid med stor variasjon og nærleik til kvinnene. Å arbeide som jordmor i Vest-Telemark krev at du trivst med å arbeide sjølvstendig, og i eit distrikt med store avstandar - men du får også nærleik til natur og eit godt fagmiljø!

Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark gjev tilbod om svangerskap- og barselomsorg for fem kommunar, og beredskap- og fylgjeteneste frå Jordmorvakta i Seljord til seks kommunar.

Me har ledig inntil 100 % mellombels stilling frå 01.10.2026. Det er høve for fast tilsetting dersom samarbeidet med Sykehuset Telemark helseforetak (STHF) om beredskap- og fylgjeteneste ikkje vert avslutta i april 2027. Stillinga er ein kombinasjon av arbeid på dagtid og døgnvakter, og består av svangerskaps- og barseloppfylging på helsestasjon og beredskap- og fylgeteneste. Oppmøtestad er Seljord. Det er høve til å tilpasse dagar for helsestasjonsarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre svangerskapskonsultasjonar i tråd med nasjonale retningsliner, inkludert samtaler, undersøkingar og vurderingar
  • Førebuande kurs og individuelle samtaler om amming, fødsel og barseltid
  • Utføre heimebesøk og etterkontrollar med fokus på både mor og barn si helse og trivsel
  • Fylgjeteneste og beredskap på Jordmorvakta i Seljord
  • Dokumentere i elektronisk pasientjournal og samarbeide tett med helsesjukepleiarar, fastlegar og andre relevante fagpersonar
  • Delta i fagmøte og bidra til kontinuerleg fagutvikling i jordmorsamarbeidet

Kvalifikasjonar

  • Autorisert jordmor
  • Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå fødeavdeling
  • Det er ynskjeleg at du har arbeidserfaring frå svangerskaps- og barselomsorg
  • Det er ein fordel om du har kompetanse innan kvinnehelse

Personlege eigenskapar

  • Du har eit sterkt engasjement for å gje gravide, fødande, barselkvinner og deira familiar tryggleik og støtte gjennom heile forløpet
  • Du held deg fagleg oppdatert, og nyttar kunnskap aktivt i di yrkesutøving
  • Du bidreg i tverrfagleg samarbeid med relevante samarbeidspartnarar
  • Du bidreg til eit positivt og støttande arbeidsmiljø
  • Du er løysingsorientert og har evne til å tilpasse deg ulike situasjonar
  • Du tek ansvar for eigne oppgåver, planlegg arbeidet godt og har evne til prioritere

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Du blir ein del av eit fagleg sterkt jordmorsamarbeid med faste fagmøte
  • Du får relevant opplæring ved oppstart, og fagleg støtte undervegs
  • Løn i 100 % stilling: 850 000 kr
  • Vi har kalenderplan med arbeidshelg på Jordmorvakta kvar 6. veke
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Godkjend politiattest må framvisast før tilsetjing
  • Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk
  • I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, sjå lånekassa for meir informasjon.

Kontaktinformasjon

Helene Mølster Byggland, Avdelingsleiar jordmorstenesta, 40907794, helene.molster@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Jakob Naadlands veg
3840 Seljord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5164027134
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 26.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Helene Mølster Byggland

Avdelingsleiar jordmorstenesta

40907794

helene.molster@vinje.kommune.no

Om bedriften

Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

Me håpar du vil trivast hjå oss! 

Les meir om livet i Vinje her  

Sjå Vinjefilmen her 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

be273c42-2c36-40ae-8670-7dd41e87e9f9

Sist endret

12. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bda13f54b8bd423285ff36b4abd9ac2b

Lignende annonser

Laster lignende annonser