Helsesekretær ved Tjora Hjarte- og Lungespesialist AS
Tjora Hjarte- og Lungespesialist AS
Kanalveien 64, 5068 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. september
Tjora Hjarte- og Lungespesialist AS er ein avtalespesialistpraksis innan indremedisin, med hovudvekt på kardiologi. Me har avtale med Helse Vest. Praksisen består i dag av ein legespesialist og ein helsesekretær.
Vår noverande helsesekretær går av med pensjon i januar 2026, og me søkjer difor etter ein ny sekretær med oppstart og opplæring seinast i desember 2025.
Om stillingaSom helsesekretær har du ei sentral rolle i den daglege drifta av praksisen. Du jobbar tett saman med legespesialisten og har ansvar for både administrative og kliniske oppgåver.
Du vil ha ansvar for dei fleste arbeidsoppgåvene ein helsesekretær vanlegvis utfører.
Dine hovudoppgåver-
Dagleg drift og administrasjon av klinikken
-
Arbeid i resepsjon, telefonhandtering, timebestillingar og ventelister
-
Klargjering og vedlikehald av utstyr, inkludert vask og sterilisering
-
Utføring av EKG, blodtrykksmåling, langtidsregistreringar, pusteprøver og andrerelevante testar innan hjarte- og lungemedisin
Me ser etter ein person som trivst med å jobbe sjølvstendig, og som er effektiv og strukturert i kvardagen.
Du har utdanning som medisinsk sekretær eller helsesekretær, og er trygg i rolla som ansvarleg for den daglege drifta av klinikken. Du kommuniserer godt med pasientar og har eit godt blikk for kva som må gjerast gjennom dagen for at klinikken skal fungere best mogleg.
Kvalifikasjonar-
Relevant utdanning
-
God erfaring frå liknande rolle, anten frå privat eller offentleg legekontor
-
Gode datakunnskapar og gjerne kjennskap til Infodoc
-
Strukturert, effektiv og trygg i ei sjølvstendig rolle
-
Gode norskkunnskapar og evne til å skape tryggleik for pasientane
Hos Tjora Hjarte- og Lungespesialist AS får du jobbe i ei sjølvstendig rolle med varierte og meiningsfulle oppgåver. Me tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
Arbeidstid: Måndag til fredag kl. 08.00--15.30
Arbeidsstad: Bergen sentrum -- klinikken flyttar til Kanalveien 64 i januar 2026
Søknadsfrist: Måndag 29.09.2025
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med vår rådgjevar Katrine Nystøyl Sæther i Adecco Helse på tlf. 23 29 00 00 eller e-post katrine.nystoyl@adecco.no
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
be1910db-58da-4f87-b53f-715f00cc4d3f
- Hentet fra
FINN
- Referanse
426111554