Lærar
Eikefjord barne- og ungdomsskule
Hovlandsvegen 5, 6940 Eikefjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
13. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. september
Vi har ledig inntil 70% vikariat for faglærar på 8.-10.trinn ved Eikefjord barne- og ungdomsskule f.o.m 13.10.2025-31.07.2026. Fagkombinasjon matematikk, naturfag og 2-pedagog. Stillinga kan gje rom for avkorta dagar eller anna tilpassing til gjeldande 70% stilling. Skulen vil i tillegg i perioder ha behov for vikartimar, som kan gje ei auke på stillingsprosenten.
Arbeidsoppgåver
Undervisning:- Planleggje og gjennomføre undervisning i det faget ein er ansvarleg for.
- Differensiere undervisninga for å møte eleven sine ulike behov, t.d. ved å tilpasse undervisninga for elevar med tilpassa opplæring, ITO eller dei elevane som
treng fleire utfordringar i skulekvardagen. - Sjå til at undervisninga er variert og engasjerande, også ved bruk av praktisk læring, slik at elevane får eit godt læringsutbytte.
- Vurdere elevane sitt arbeide og framgang, både munnleg og skriftleg
- Gje konstuktive tilbakemeldingar som hjelper elevane med å utvikle seg, både fagleg og sosialt
- Gjennomføre prøver og testar for å vurdere elevane sin kunnskap og dugleik
- Kunne sette karakterer og gjennomføre undervegsmeldingar der ein har fag på ungdomstrinn, og nytte fastsette vurderingsdokument
- Kommunikasjon med elevar og føresette
- Ha jamn kontakt med elevane, for å kunne følgje opp læring, trivsel og utvikling
- Vere en viktig vaksenperson i elevane sitt liv og bidra til positivt læringsmiljø i klasserommet
- Kunne handtere utfordringar relatert til elevena si åtferd, sosiale relasjonar og psykososiale utvikling
- Kommunisere med heimane gjennom møte, samtaler og ved hjelp av skulen sine digitale verktøy
Førebuing og tilrettelegging:
- Førebu undervisningsmateriell og ressursar, inkludert bøker, oppgåver, digitale verktøy og aktiviteter
- Planlegge og tilrettelegge for spesifikke prosjekt eller tverrfaglege tema
Dokumentasjon:
- Utføre administrative oppgåve som føring av fråvær, fylle ut skjema og rapportar, og halde orden på elevane si framgang
- Dokumentere og administrere dokument knytt til samarbeid med eksterne aktørar, t.d. PPT
- Vere med på skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeide og bidra til forbetring av metoder i undervisinga og skulemiljøet
Kvalifikasjonar
Høgskoleutdanning; pedagog, grunnskolelærar 1.-10.klasse/5.-10. klasse, evt. anna relevant høgskoleutdanning.Personlege eigenskapar
Vi treng deg som er særleg lyttande og har eit engasjement til å skape gode faglege og sosiale lærings- og utviklingsvilkår for barn og ungdom.Du er oppteken av di eiga læring og utvikling, set eleven i fokus og trivast i eit miljø som gjev deg høve til dette.
Du har god klasseleiing og har ein god struktur og ramme for timane dine. Du gjer bruk av teknologi i læringa og har god vurderingspraksis.
Du likar å samarbeide og skaper gode relasjonar med og for elevane dine.
Vi tilbyr
Løn etter tariff og lokalt kompetanselønssystem. Kinn kommune har kontaktlærargodtgjersle for dei som har den funksjonen. Pensjonsordning i SPK.Startpakke, coaching og rettleiing for nytilsette. Vi er med i lokalt og regionalt nettverksarbeid .
Kontaktinformasjon
Bjørn Wilhelmsen, Rektor Eikefjord skule, +47 57756260Arbeidsstad
Hovlandsvegen 56940 Eikefjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5015568325
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 13.10.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 26.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Bjørn Wilhelmsen
Rektor Eikefjord skule
+47 57756260
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bde1547f-b64e-4ff3-a8dc-e94706889be5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
74087a1a1c4e439b96a099949520bc31