Helsefagarbeider
Vanylven helse- og omsorgssenter
Rådhusvegen 20, 6143 Fiskå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!
Avdelinga har totalt 18 langtidsplassar fordelt på to grupper.
Som helsefagarbeider på avdelinga jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som helsefagarbeider hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.
Vanylven helse- og omsorgssenter har god fagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.
Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet inneber per tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld. Med arbeid kvar tredje helg eventuelt komprimert turnus med langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Vi har årsturnus noko som skaper forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje.
Vanylven helse-og omsorgssenter er lokalisert på Fiskå, bygget sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt.
Vi ønsker deg velkommen til vårt team! Send inn søknad og bli ein del av ein arbeidsplass med dyktige kollegaer, faglege utfordringar og ein meiningsfull kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Helsefaglege oppgåver
- Dagleg stell og pleie etter bebuarane sine behov og tiltaksplaner
- Observere, vurdere og kartlegge behov hos bebuarane
- Sørge for god dokumentasjon.
- Medikamenthandtering
- Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar
- Sikre gode pasientforløp
- Ta i bruk velferdstekologiske løysingar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeider/aut.Hjelpepleier
- Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
- Godkjent politiattest
- God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy
- Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg
- Effektiv fleksibel og løysingsorientert
- Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
- Positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
- Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar
- Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Moglegheit for eigenutvikling
- Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg
- Løn etter gjeldande tariff, gode pensjonsordningar
- Andre goder jamfør Lønnspolitisk plan
Kontaktinformasjon
Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221Arbeidsstad
Rådhusvegen 206143 Fiskåbygd
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 5021535182
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Katrin Brekke Sunde
avdelingsleiar avd. 2
+47 70030221
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bddf5dc9-79a6-4dae-ae05-1ce0b74cd6e5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ff2dcbe6eaa1453787c8338cee395547