Fengselsfyrstebetjent avdelingsleiing
Bergen fengsel
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
Om jobben
Stillingstittel
Fengselsfyrstebetjent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Om stillinga
Bergen fengsel har 2 ledige 100% stillingar som Fengselsfyrstebetjent med personalansvar. Fengselsfyrstebetjent vil ha ansvar for å leie og utvikle ei avdeling. I Bergen fengsel legg vi vekt på godt arbeidsmiljø og trygg straffegjennomføring. Det er viktig for oss å skapa tryggleik gjennom relasjonar, respekt og nærvær.
Vi søkjer fengselsfyrstebetjentar til avdeling:
A-vest: Avdelinga er ei restriktiv avdeling, kor mange av dei innsette er heilt eller delvis utelukka. I tillegg til den ordinære bemanninga har avdelinga eit ressursteam som følgjer opp isolerte og sårbare innsette. Det er pr. i dag omlag 20-25 tilsetja i turnus.
A-aust: Avdelinga har 53 plassar. 15 av plassane er for eldre innsette. I samarbeid med frelsesarmeen blir eit rehabiliteringstiltak drive for eldre innsette – CAMEO. Avdelinga skal også i samarbeid avdeling for rusmedisin i Helse Bergen etablera ein poliklinikk som skal tilby rusbehandling for innsette i Bergen fengsel. Dette som del av prosjektet «heilskapleg rusbehandling til innsette i Bergen».
Førebels er stillingane tiltenkt dagstillingar, men det kan verta endringar av avdelingsteneste og endringar av arbeidstid – til turnus.
👉Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her for å sjå filmen og bli inspirert.
Video: https://youtu.be/yPsJr8ExqtsArbeidsoppgåver
- leia avdelinga, dette inneber blant anna sakshandsaming, personalansvar
- ansvar for HMS, internkontroll og avviksbehandling på eigne avdelingar
- sørgja for utvikling, gode rutinar og følgja opp og kvalitetssikra arbeidet til avdelinga
- lede avdelingen i tråd med forventningene i kriminalomsorgens leder- og medarbeiderplattform.
Den som blir tilsett må rekna med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- relevant erfaring
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
- plettfri vandel
- leiarerfaring, erfaring med personaloppfølging
- gode munnlege språkferdigheiter i engelsk
- kjennskap til personalsystemet GAT
- kjennskap til arbeidsmiljølova og dens forskrifter, internkontrollforskrifta, folketrygdlova kap. 8 sjukepengar, Hovedtariffavtalen i staten
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Personlege eigenskapar
- gode relasjonsferdigheitar, samarbeidsevner, oppteken av psykologisk tryggleik og god på kommunikasjon
- Strukturert, resultat- og løysingsorientert, evne til å arbeida analytisk, fleksibel
- og kunne ta avgjersler.
- god rolle- og systemforståing, og evne til å tenkja heilskapleg
- personlege eigenskapar i tråd med verdiane av etaten
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- ein unik mogelegheit til å vere med å bidra til at innsatte og domfeltes opphald i fengselet blir meiningsfullt og rehabiliterande.
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- gratis parkeringsmogelegheitar, kantine og bedriftsidrettslag.
Stillinga vert lønt som fengselsfyrstebetjent (0265) frå kr. 581 000 – 673 000, Det vert trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. I tillegg kjem variable turnustillegg, for ukomfortable arbeidstider.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Stine Berger - Fengselsinspektør tlf. 55 39 37 92 / stine.berger2@kriminalomsorg.no
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bdddd14a-be16-4ab8-8395-f6dc38077974
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265675