Grunnskulelærarar ved Måndalen skule
Rauma kommune Måndalen barne- og ungdomsskule
Voll, 6386 Måndalen
Om jobben
- Stillingstittel
 - To ledige stillingar som grunnskulelærar
 - Type ansettelse
 - Fast, heltid 100%
 - Arbeidsspråk
 - Norsk
 - Antall stillinger
 - 2
 - Arbeidssted
 - Hjemmekontor ikke mulig
 
- Fast stilling som grunnskulelærar i 100%
 - Vikariat som grunnskulelærar i 100% stilling skuleåret 2025-2026
 
Arbeidsplassen
Måndalen skule er ein heilt ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Måndalen skule er plassert i naturskjønne omgjevnadar der fjord og fjell legg til rette for flotte mogelegheiter i både skulekvardagen og på fritida. Skulen har 105 elevar fordelt på 1.- 10. trinn, og eit samla personale på 18 tilsette. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule - Rauma kommune
- Undervisning hovudsakleg på 5.-10.trinn (avhengig av kompetanse/erfaring).
 - Kontaktlæraransvar kan bli tillagt stillinga.
 
- Utdanning som grunnskulelærar, fortrinnsvis 5-10. trinn.
 - God digital kompetanse.
 - God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Målforma til skulen er nynorsk.
 
- Du har evne til å planleggje, arbeide strukturert og sjølvstendig.
 - Du evner å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer.
 - Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder.
 - Du har stor arbeidskapasitet, evne til å fokusere, og arbeider for eit godt læringsmiljø med fagleg utbytte for alle.
 - Du har erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og tek i bruk skulens digitale moglegheiter og løysingar for å fremje elevane si læring.
 - Du tenkjer positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar.
 - Du bidreg og stimulerer til utvikling av organisasjonen i sin heilskap.
 - Du er tydeleg og omgjengeleg i din kommunikasjon, både internt på skolen og eksternt ovanfor våre samarbeidspartnarar.
 
Tilsetting
 Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet. 
Politiattest
 Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15. 
Søknad 
 Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no. 
 Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
 bd563a6b-bcc6-47f8-8c8b-86894adfb785
- Sist endret
 4. november 2025
- Hentet fra
 visma-easycruit
- Referanse
 3551709_195131_nn
Lignende annonser
Tilkallingsvikarer i skole og SFO skoleåret 25/26
Arbeidsgiver
Rauma kommune Grunnskole
Sted
Åndalsnes
Lærer
Arbeidsgiver
Molde kommune Årølia skole
Sted
Molde
Pedagogisk leder i barnehagen
Arbeidsgiver
Rauma kommune Barnehage
Sted
Åndalsnes
Miljøterapeut, 100% stilling
Arbeidsgiver
Rauma kommune Psykososialt team
Sted
Åndalsnes