Maskintekniker/reparatør
Museumssenteret i Hordaland
Salhusvegen 201, 5107 Salhus, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Maskinteknikar/reperatør 50%
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Om stillinga
Vi lyser no ut ei 50 % stilling som maskinteknikar og reparatør ved Tekstilindustimuseet i MUHO.
MUHO er eit konsolidert museum, der Tekstilindustrimuseet er eit av musea. Tekstilindustrimuseet ligg i Salhus i Bergen, og forvaltar det freda kulturminnet Salhus Tricotagefabrik.
Føremålet med stillinga er å sikre forvalting, drift og vedlikehald og immateriell kulturarv knytt til den freda produksjonslina til Salhus Tricotagefabrik AS.
Det er mål om å auke stillingsprosenten på sikt.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er tilknytta forvalting, drift, vedlikehald av den freda produksjonslina til Salhus Tricotagefabrik AS.
Sikring av handboren kunnskap og opplæring/videreføring av teknikkar og kunnskap.
Kvalifikasjonskrav
Vi ønskjer oss ein kollega med god teknisk innsikt og interesse for gamle produksjonsmetodar, maskiner og immateriell kulturarv.
Du må ha erfaring frå produksjon og vedlikehald tilknytta tekstil/trikotasje.
Vi ser etter deg som er god til å kommunisere og formidle.
Du samarbeider godt med andre. og ser etter utviklingsmogleheiter.
Den som blir tilsett må levere vandelsattest.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein spanande og utfordrande jobb på eit unikt museum, med godt arbeidsmiljø og varierte oppgåver.
- 50% fast stilling.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Løn etter avtale/tariff.
- MUHO er ein mangfoldig og inkluderande arbeidsplass.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Vestland.
Du finn oss i:
- Salhus, Bergen: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland
- Osterøy: Osterøy museum og Havrå
- Alver: Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter
MUHO utfører aktiv bevaring og levande formidling: vi fortel ikkje berre ei historie, men brukar kunnskap om teknikkar og prosessar til vise, lære bort og utføre arbeid slik det tradisjonelt blei gjort innan handverk, industri og gardsdrift.
Gjennom autentiske kulturmiljø og landskap i Nordhordland og Bergen trekkjer vi linjer frå fortida til utfordringar i verda i dag. MUHO har eit unikt kompetansemiljø som gir råd om bevaring av bygg og samlingar, og utfører konservering av ulike materialar.
Les gjerne meir på heimesida vår: muho.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bce976bd-a26e-4b1e-ad1e-f32d7a4951e9
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264576