Hopp til innhold

Avdelingsleiar vikariat Kasa

Arbeidsgiver

Bufetat

Sted

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen, Tertneshøygden 33B, 5113 Tertnes

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar vikariat Kasa
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Kasa ungdomssenter, avdeling Tertnes har vi ledig mellombels stilling som avdelingsleiar i 100 % stilling, varigheit på 7 månader med høve til forlenging. 

Brenn du for å støtte ungdom i krevjende livssituasjonar? Vi søkjer deg som er trygg, fagleg sterk og klar for ein kvardag med både faglege utfordringar og meining. Er du fleksibel og omstillingsdyktig? Då kan du vere den vi søkjer etter.

Kasa ungdomssenter er eit omsorgstiltak i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 år. Vi tek i mot plasseringar etter Lov om barneverntenester § 3-1/3-2/3-6 og § 5-1 jfr. barnevernlova. 

Kasa ungdomssenter skal gjennom traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi etablera profesjonelle omsorgsrammar som legg til rette for endring og utvikling. Einingen har i dag tre avdelingar: Tertnes, Morvik og Flatøy, med til saman 9 plassar. 


Arbeidsoppgåver

Mål for stillinga er å sikre stabil drift og bemanning.

Korleis oppnå dette målet:
  • ta kloke avgjerder akkurat no, samtidig som du leier med fagleg tryggleik, etisk medvit og tydeleg nærvær
  • sørgje for stabilitet gjennom oppfølging av personal, fag, økonomi og kvalitetsutvikling
  • handtere både operativt ansvar og langsiktig planlegging
  • personalleiing, HMS og rekruttering, fagansvar
  • bidra til intern og ekstern samhandling
  • utviklings- og forbetringsarbeid
  • kompetansebygging
  • oppfølging av budsjett
  • bidra aktivt inn i leiarteamet til institusjonen
  • leie tiltaket sitt omsorgs- og endringsarbeid, knytta til traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi. 
  • ansvar for inntaksarbeid i henhald til einingas målgruppe og rammar

Det vert stilt store krav til kommunikasjon og samarbeid i eiga eining, i Bufetat og i høve til eksterne samarbeidspartnarar. Avdelingsleiar må kunne legge til rette for gode arbeidsprosessar, motivasjon og utvikling av eigne medarbeidarar. 


Kva bakgrunn har du?

Må-krav:
  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå (fortrinnsvis innan barnevern, sosialt arbeid, vernepleiar eller tilsvarande).
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Gode digitale ferdigheiter og erfaring med rapportering og dokumentasjon.
  • Erfaring med fagleg utviklingsarbeid og tverrfagleg samhandling.
  • Førarkort for bil. Gyldig dokumentasjon på førarkort må leggjast fram
Ønskjeleg med: 
  • Fordel med erfaring med personalleiing og personaladministrasjon.
  • Fordel med erfaring frå barnevernsinstitusjon eller anna barnevernsrelatert verksemd.
  • God kjennskap til barnevernsfeltet og relevant lov- og regelverk.
  • Økonomiforståing og erfaring med budsjett- og driftsansvar.

Personlege eigenskapar

Kva ser vi etter:
  • Emosjonell robustheit og evne til å stå i krevjande situasjonar.
  • Tydeleg og føreseieleg leiarstil som skaper tryggleik.
  • Evne til å prioritere og handle klokt i sanntid.
  • Høg gjennomføringsevne og indre struktur.
  • Refleksjonsevne, etisk medvit og relasjonskompetanse.
  • Blir motivert av å kombinere strategisk tenking med operativt ansvar.
  • Genuin motivasjon for målgruppa.
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert, samt ha evne til å samarbeide godt med interne og eksterne partar. 
  • Har evne til å engasjere og motivere medarbeidarane til kunnskapsbasert arbeid. 

Kva får du hos oss?

  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, kr 700 000 - 840 000 
  • Lønn blir vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
  • Stillinga er i eit spanande fagfelt der du er viktig i samfunnsoppdraget for å gje ungdom i institusjon moglegheiter til eiga utvikling i trygge rammar. 

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvaliserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagd til Kasa ungdomssenter, avd. Tertnes.
  • Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansattelova.

Kva skal søknaden din innehalde? 

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. 

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. 

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

ID kort må framstillest på intervju.


Kontaktperson for stillingen

Børre Fredheim

Enhetsleder

+47 91 85 14 12

Borre.fredheim@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bc4b0f6b-3c23-4050-982a-6ed7866cafc2

Sist endret

16. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10316108

Lignende annonser

Laster lignende annonser