Ny spennande 100% fast stilling som kokk
Åseral kommune
Bordalsbakken 10, 4540 Åseral, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ny spennande 100% fast stilling som kokk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du vår nye kokk som vil vere med å forme kommunens mattilbod til barn og unge?
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig medarbeidar til ei nyoppretta stilling på Åseralsheimen, der du vil samarbeide med skule og barnehage om å tilby varm lunsj.
Du vil ha hovudansvaret for planlegging og produksjon av måltid, med varm lunsj to gonger i veka i barnehagen og to gonger i veka på skulen. Arbeidstida er på dagtid i vekedagar.
Som vår nye kokk vil du spele ei nøkkelrolle i utvikling og forming av tilbodet.
Mattilbodet skal følgje nasjonale retningsliner for kosthald og ernæring.
Stillingsstorleiken kan bli redusert om interne søkjarar har krav på deler av stillinga.
Kvalifikasjoner
- Fagbrev innan kokkefaget
- Me vektlegg relevant erfaring med kjøkkendrift
- Personlege eigenskaper vil bli tillagt stor vekt
Søkjar må ha førerkort klasse B
Personlege eigenskaper
- Gode norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
- God kjennskap til bruk av IKT
- Glad i å lage mat
- Fleksibel og sjølvstendig
- Evne til nytenking, kommunikasjon og samarbeid
- Har kunnskap om ulike ernæringsbehov
Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing.
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver
- Tariffesta løn og god pensjonsavtale med KLP
- Moglegheit til å vere med å forme eit nytt og viktig tilbod
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg utvikling og kurs
- Eit arbeid som gjev stor glede og meining ved å bidra til barn og unge sitt kosthald og helse
- Tilgang til moderne kjøkkenfasilitetar
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, Einingsleiar omsorgArbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 4923192602
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.03.2025
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2873245
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ef9c051414fa4e97b3508e6f0a2c81ce