Konsulent - (trainee i staten) administrativ støtte og arkiv
Norec
Fjellvegen 9, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Konsulent - traineeprogrammet i staten
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Om stillinga
I seksjon for verksemdstyring leverer vi støttefunksjonar av høg kvalitet til resten av organisasjonen. Her har vi kompetanse innan økonomi, rekneskap, arkiv, IT og HR. Vi er opptekne av å ta i bruk nye digitale verktøy og leitar alltid etter betre og meir effektive måtar å jobbe på.
I seksjon for verksemdstyring har vi ledig inntil 100 % stilling som konsulent i traineprogrammet i staten.
Vi ser etter deg som har erfaring med arkivering og anna administrativt arbeid, anten frå offentleg eller privat sektor. Du vil også bidra med oppgåver i andre deler av verksemda, i tillegg til å vere ei støtte i arbeid med interne retningslinjer og rutinar.
Du vil samarbeide tett med tilsette som har fagleg ansvar innan dei ulike fagområda, og saman skal de levere gode tenester til heile organisasjonen. Det er difor viktig at du er hjelpsam og løysingsorientert i møte med tilsette, leiarar og samarbeidspartnarar. Du må vere nøyaktig og arbeide strukturert, og samtidig ha ein fleksibel tilnærming til det å jobbe i ein organisasjon som stadig er i utvikling.
Stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten og er øyremerkt personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en, og høgare utdanning. Stillinga er mellombels på opptil 2 år, med moglegheit for forlenging i ytterlegare 1 år og fast tilsetting. For å bli vurdert til stillinga, må du bekrefte at du er i målgruppa ved å krysse av for nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Du kan lese om traineeprogrammet i staten her.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Du vil du ha desse hovudoppgåvene:
- Arkivering, journalføre og kvalitetsikre dokumentasjon
- Rettleie tilsette i bruk av arkivsystemet
- Handsame innsynskrav og dokumentførespurnadar
- Svare ut generelle spørsmål frå publikum på e-post og telefon
- Delta i tverrfaglege arbeidsgrupper
- Bidra i andre daglege administrative oppgåver og yte service
Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Norec?
Lurer du på korleis ein typisk arbeidsdag i Norec er? Eller lurer du på korleis arbeidsmiljøet vårt er?
Ta gjerne kontakt med dokumentkontroller Linn på e-post, og spør om det du vil vite meir om.
Har du spørsmål til sjølve stillinga er avdelingsdirektør den rette å spørje. Kontaktinformasjonen hennar finn du nedst i annonsen.
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning på bachelornivå, innan til dømes økonomi og adminstrasjon, dokumentasjonforvaltning, eller liknande
- god digital kompetanse
- erfaring med administrative oppgåver, gjerne innan arkiv
- gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du har erfaring frå offentleg sektor, men det er ikkje eit absolutt krav.
Om deg
- Du har interesse for offentleg forvalting og internasjonale spørsmål.
- Du trivst med ein variert arbeidskvardag.
- Du tek ansvar og likar å ta initativ.
- Du ser løysingar og jobbar godt i lag med andre.
Norec er ein verdibasert arbeidsplass, der vi legg vekt på personleg integritet og respekt for andre.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- ein arbeidsgivar som legg vekt på utvikling og kompetanseheving
- fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- trening i arbeidstida
- gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ som førstekonsulent (kode 1408) med lønn frå kroner 483.800 - 530.000. Lønnsplassering blir fastsett etter utdanning og erfaring.
Les dette før du søker:
- I Norec trur vi at mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
- Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker på stillinga. Vi inviterar alltid minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppenen til intervju. Du kan lese meir om positiv særbehandling her. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
- Når søknadsfristen er gått ut lagar vi offentleg søkarliste. Dersom du ønsker å reservere deg frå å bli oppført på denne, må du krysse av for og grunngi dette i søknaden din. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan imøtekomme ønsket ditt.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit kompetansesenter for internasjonalt samarbeid. Vi høyrer til under Utanriksdepartementet og bidreg til Noregs arbeid med å nå FNs berekraftsmål..
Norec har tre samfunnsoppdrag som styrker internasjonalt samarbeid og utvikling:
- Tilskotsforvaltning til internasjonalt samarbeid
Vi forvaltar tilskot til demokratistøtte for norske politiske parti og ungdomsparti i samarbeid med partnarar i låg- og mellominntektsland, og tilskot til gjensidig utveksling av personell mellom organisasjonar i Noreg, Afrika, Asia og Latin-Amerika for kompetansebygging og langsiktig samarbeid.
- Uavhengige evalueringar av norsk bistand
Vi gjennomfører evalueringar av norsk utviklingssamarbeid. Denne oppgåva vert ivaretatt av den uavhengige evalueringsavdelinga.
- Koordinering av rekruttering til internasjonale organisasjonar
Vi legg til rette for at norske statsborgarar kan arbeide i FN, utviklingsbankar og andre internasjonale organisasjonar.
Gjennom desse oppdraga bidrar Norec til kompetanseutvikling og styrking av internasjonalt samarbeid.
Les meir om Norec på www.norec.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bbff5e5e-1836-410e-9b27-fd2d507837a8
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274712
Lignende annonser
IKT - konsulent
Arbeidsgiver
Norec
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Utenriksdepartementet
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Visere
Sted
Førde