Helgestilling i heimebasert omsorg
Helse og omsorg, Vanylven kommune
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestilling i heimebasert omsorg
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. oktober
Er du student og vil kombinere studie med jobb? Er du ute etter ein ekstrajobb for meir erfaring? Då har vi i heimebasert omsorg behov for deg!
Vi har ledige stillingar på helg og søker no etter fleire kollegaer. Du vil jobbe saman med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Pasientane bur i eigen heim og vi er opptatt av å hjelpe dei slik at dei kan bu heime lengst mogleg. Du vil vere med å gjere ein forskjell for menneske med varierande hjelpebehov. Vi utfører medisinksfaglege prosedyrer, stell og pleie, samt ernæringsoppfølging og praktisk hjelp. I heimebasert omsorg er du med å bidra i planlegginga av arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene er svært varierte. Du vil arbeide både i team og sjølvstendig.
Heimebasert omsorg har to avdelingar; Fiskå og Syvdetun.
Vi har ledige stillingar på helg både i Syvde og på Fiskå. Muligheit for langvakter og årsturnus som gjer arbeidstida forutsigbar og komprimert.
Stillingane som no er ledig er inntil 20 %.
Vi ser fram til å få deg på laget!
Du må vere 18 år og ha sertifikat.
Arbeidsoppgåver
- Stell og pleie i heimen til pasient
- Medikamenthandtering
- Dokumentasjon
- Samhandling med kollega, pasient og pårørande
Kvalifikasjonar
- Gjerne helsefagleg utdanning eller under utdanning
- Interesse for helse og omsorg
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskaper
Personlege eigenskapar
- Du er omsorgsfull og har gode samarbeidsevner
- Du ønsker å gjere ein forskjell for andre menneske
- Du kommuniserer godt og tek ansvar
Vi tilbyr
- Relevant erfaring for deg som er helsefagleg student
- Fleksibel arbeidstid
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande tariff
- Moglegheit for ekstravakter og sommarjobb
Kontaktinformasjon
Julie Strand, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 97540039, Julie.strand@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 5020437523
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bbea3c3a-2ffa-4ce7-8a44-6aa01874a986
- Hentet fra
talentech
- Referanse
581979aa59e64360840163034ae7354b