Hopp til innhold

Avdelingsleiar for byggesak

Arbeidsgiver

Kommunalområde Samfunn, Plan og bygning

Sted

Keiser Wilhelms gate 11, 6003 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar for byggesak
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 20. september

Vil du vere med og forme framtidas Ålesund? 

Ålesund kommune søkjer ein engasjert, tydeleg og løysingsorientert avdelingsleiar til byggesaksavdelinga. Dett er ei sentral leiarrolle for deg som ønskjer å kombinere fagleg kvalitet, god leiing og samfunnsutvikling.  

Som avdelingsleiar for byggesaksavdelinga vil du ha ei viktig rolle i utviklinga av kommunen. Du vil bidra i dialogen med utbyggarar, overordna mynde og relevant bransje, og vere eit viktig bindeledd internt mellom byggesak og andre fagområder.

Hos oss vil du leie og vere ein del av eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø. Du vil arbeide tett med kompetente fagfolk innan ingeniørfag, jus, arkitektur med meir. Avdelinga har ansvar for handsaming av saker etter byggesaksdelen i plan- og bygningslova, inkludert dispensasjonssaker. 

Avdelng byggesak er ein del av verksemd for plan og bygning. Avdelinga har ca. 15 tilsette per no, og er tverrfagleg samansett. Fleire av dei tilsette på avdelinga er relativt nye, og det er også tenkt at avdelinga vil bli oppbemanna ytterlegare i tida framover. Som avdelingsleiar vil du spele ei viktig rolle i å legge til rette for stabilitet på avdelinga, samstundes som det blir prioritert å handsame saker til rett tid, auke kvaliteten i tenesteproduksjonen og syte for eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. 


Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområder og målsettingar. 
  • Delegert økonomi- og personalansvar for avdelinga.
  • Fagansvar for avdelinga.
  • Legge til rette for god dialog med innbyggjarar, næringsliv og overordna mynde.
  • Stimulere til tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av verksemder og avdelingar.
  • Inspirere og motivere medarbeidarane.
  • Aktivt bidra til meir effektive og digitale løysingar for organisasjonen og innbyggjarane.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan eit eller fleire relevante fagområder, fortrinnsvis på masternivå. 
  • Dokumentert og relevant leiarerfaring kan kompensere for utdanning.
  • Erfaring med økonomistyring, personalleiing og omstillingsarbeid.
  • Kjennskap til avdelinga sitt ansvarsområde/fagområde.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å planlegge, styre og kvalitetssikre, ta avgjersler, prioritere og avklare forventningar i samsvar med mål og rammer. 
  • Evne til å legge til rette for meining, meistring og motivasjon, bygge tillit og trygge meistringsklima og arbeidsmiljø.
  • Evne til å kontinuerleg tilpasse og utvikle verksemda og arbeidsmåtar til nye behov og krav i eit strategisk perspektiv.
  • Du må kunne bygge nettverk og samhandle med eksterne aktørar.
  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og du må kunne utøve fleksibilitet.
  • Fagleg integritet, god sjølvinnsikt og ei tydeleg stemme.

Vi tilbyr

  • Fagleg spanande og varierte oppgåver. 
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Tilrettelegging for fagleg utvikling.
  • Ei moglegheit til å påverke morgondagens samfunn.
  • Lønn etter avtale.
  • Fleksibel arbeidstidsordning.
  • Kommunale tilsettingsvilkår med pensjonsordning og personalforsikring.

Kontaktinformasjon

Silja Øvrelid, Verksemdsleiar, 984 19 650, silja.ovrelid@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn

Referansenr.: 5154230009
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Silja Øvrelid

Verksemdsleiar

984 19 650

silja.ovrelid@alesund.kommune.no

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere 

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter. 

Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.  
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. 
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.  

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bbb91e55-eaf0-417b-aeb6-26f8b5edf252

Sist endret

28. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8e53d22a702b46dbb11d1718915d6140

Lignende annonser

Laster lignende annonser