Bli vår moglegheitspilot, og hjelp folk til ein betre busituasjon!
Sogndal kommune Bygg og eigedom
Riverdalen 5, 6856 Sogndal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. april
Har du engasjement for menneske i ulike livssituasjonar og vil bidra til at fleire får ein trygg og stabil bustad? Me treng deg som ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Bustad er ein grunnleggjande føresetnad for tryggleik og livskvalitet, og hos oss i Sogndal kommune vil du få ei nøkkelrolle i å finne varige løysingar for vanskelegstilte på bustadmarknaden.
Kva kan du vente deg?- Eit miljø der initiativ og idéar vert sett pris på
- Moglegheita til å forme og vidareutvikle dei bustadsosiale tenestene
- Ei nøkkelrolle med ansvar og påverknad i eit tverrfagleg team
- Varierte oppgåver med stor samfunnsverdi
- Fleksibilitet og samarbeid på tvers av fagfelt
Arbeidet ditt vil omfatte:
- Å rettleie og støtte menneske i ulike livssituasjonar
- Å arbeide førebyggjande for å skape meir stabile bustadforhold og nytte bustad som eit verkemiddel for å jamne ut sosiale og økonomiske forskjellar
- Sakshandsaming og koordinering av relevante bustadsosiale tenester
- Samarbeid med tildelingskontoret for å sikre rettferdig og effektiv tilgang til helse- og omsorgstenester
- Å vere ein brubyggjar mellom ulike instansar og tenester
- Har utdanning på høgskule-/universitetsnivå, fortrinnsvis helse- eller sosialfagleg
- Erfaring frå eller interesse for sakshandsaming og tverrfagleg samarbeid
- Ein person med forståing for samfunnsutvikling og engasjement for dei vanskelegstilte
- Nokon som ser løysingar der andre ser utfordringar
- Ein god lyttar og trygg vegrettleiar
- Strukturert og initiativrik med evne til å jobbe sjølvstendig
Dette er meir enn ei stilling; det er ein moglegheit til å vere med og påverke framtida. Er du den me leitar etter?
Interssert i å flytte til Sogn? Me tek deg imot med opne armar! Les meir om korleis me jobbar og livet i Sogn: Utfordrarbygda og SOGN
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2888925
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3450041_233933_nn