Ledig nattevaktstilling
Bømlo heimetenester
Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
1. november 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 78%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. september
Bømlo heimeteneste søkjer etter ein engasjert og omsorgsfull helsefagarbeidar til ei 78 % fast nattevaktstilling i nattpatruljen, med arbeid kvar 3. helg.
Dette er ei stilling for deg som ønskjer å gjere ein forskjell for menneske i eigen heim, og bidra til at dei kan meistre kvardagen sin på best mogleg måte.
Heimetenesta i Bømlo kommuneHeimetenesta organiserer tilbod om heimesjukepleie, matombringing, heimerehabilitering, praktisk bistand, velferdsteknologi (tryggleiksalarmar, elektroniske medisindispenserar), dagtilbod for eldre og brukarstyrt personleg assistanse. Me jobbar målretta for å støtte brukarane i å leve gode liv i eigen heim eller tilrettelagt bustad.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet blir utført etter individuelle vedtak i nært samarbeid med brukar og eventuelt pårørande.
- Vere våken nattevakt.
- Utføre helsehjelp og omsorg, samt observere brukars tilstand/behov.
- Samarbeide og veilede andre yrkesgrupper innan eige fagområde.
- Samarbeide med brukarar, pårørande, legevakt, sjukehus m.m.
- Rapportering av oppdrag og observasjonar i fagsystemet Mobil Omsorg.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar.
- Må kunne kommunisere godt på norsk.
- Førarkort klasse B.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing (Helse og omsorgstenestelova § 5.4).
Personlege eigenskapar
- Du har eit inkluderande menneskesyn, og møter alle med respekt og omsorg.
- Du har gode samarbeidsevner og ser løysingar ved uforutsette hendingar.
- Du er fleksibel og tilpassingsdyktig i ein kvardag der inga vakt er heilt lik.
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig og er pålitleg.
- Du er trygg på deg sjølv og eiga arbeidsutføring.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt di motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med (avdelingsleiar May Linn Bortne på tlf. nr. 91763643)
Kontaktinformasjon
May Linn Bortne, Avdelingsleiar v/Sone sentrum, 917 63 643, may.linn.bortne@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5015329972
Stillingsprosent: 78%
Fast
Startdato: 01.11.2025
Søknadsfrist: 26.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bb20a157-7835-4a29-9a98-b953f1d9f4d3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
393d74e8bc584a469e9d5e1ba8a813a1