Lærarvikariat Årås skule
Austrheim kommune
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. desember
Om stillinga
Årås skule har frå 05.01.- 30.06.2026 eit ledig vikariat i 100 % stilling som lærar frå 1.-7.trinn.
Me søkjer etter ein engasjert og fagleg sterk lærar som ønskjer å vere med på å utvikle eit inkluderande og trygt læringsmiljø for elevane våre.
Årås skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 274 elevar og 48 tilsette. Skulen er organisert i team - eitt for kvart hovudsteg.
Vi har fokus på eit godt klassemiljø som føresetnad for eit godt og inkluderande læringsmiljø, og oppfølging av elevane si læring og utvikling.
Årås skule er ein PALS- og MOT-skule, der me arbeider systematisk med å fremje eit trygt og inkluderande skulemiljø for alle elevar. Gjennom desse programma rettar me positiv merksemd mot kvar enkelt elev og legg til rette for å styrkje sosial kompetanse, ansvarskjensle og tilhøyrsle.
Målet vårt er å gjere elevane robuste og bevisste i møte med kvardagens val - både for eiga utvikling og for fellesskapet.
Me har eit eige PALS- og MOT-team ved skulen, og alle nytilsette får opplæring i begge tiltaksmodellane.
I tillegg har me miljørettleiar på Årås skule, som er ein viktig ressurs i arbeidet med elevmiljøet og det førebyggjande arbeidet.Fyll inn ønska informasjon om stillinga og legg ved bilete
Arbeidsoppgåver
Stillinga på 1.-7. trinn krev særleg kompetanse i engelsk, norsk, matematikk, kunst og handverk og individuelt tilrettelagt opplæring.
Stillinga kan òg omfatta oppfølging av elevar med behov for individuelt tilrettelagd opplæring og/eller opplæring på alternativ opplæringsarena.
Kvalifikasjonskrav
Godkjent utdanning i samsvar med kompetanseforskrifta for tilsetjing i grunnskulen
Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT
Austrheim kommune har nynorsk som målform
Godkjend politiattest i samsvar med opplæringslova må leggjast fram før tiltreding
Kven ser vi etter?
Er fagleg trygg og godt førebudd, og som planlegg undervisninga grundig - både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer.
Har solid innsikt i lærarrolla og god forståing for skulen som organisasjon, og korleis eigen praksis påverkar heilskapen.
Er synleg og engasjert i skulen sine møteplassar, og deltek aktivt i det profesjonelle fellesskapet.
Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø, og tek ansvar for å skapa ein inkluderande og støttande kultur.
Kommuniserer tydeleg og bygg gode relasjonar, både med elevar, føresette og kollegaer - og fungerer som ein trygg og tydeleg
klasseleiar.
Legg til rette for ein inkluderande og variert undervisningspraksis, med høg grad av elevaktivitet, medverknad og tilpassa
opplæring.
Er utviklingsorientert og samarbeidsvillig, og jobbar aktivt saman med kollegaer og skuleleiinga for å styrka læringsmiljø og elevane
sitt læringsutbyte.
Me tilbyr
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass med eit positivt læringsmiljø og fokus på fagleg samarbeid, fellesskap og deling av gode
praksisar
Engasjerte og dyktige kollegaer
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
baf927f1-062f-4c34-9129-bb5d7d44dc9c
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273112
Lignende annonser
Lærarar - Nordbygda skule (desember 2025)
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Sted
Hosteland
Barnehagelærar - 2. gangs utlysing
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Sted
Valestrandsfossen
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Bøvågen