Fagarbeider/assistent
Læringsverkstedet Sæ Barnehage AS
5417 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Fagarbeidar/barnehageassistent
Læringsverkstedet Sæ barnehage søkjer ein engasjert og ansvarsbevisst fagarbeidar/barnehageassistent til 100 % fast stilling.
Oppstart er ca. 15. desember 2025, eller etter nærare avtale.
Vil du være med å få kvart einaste born til å kjenna seg verdifull? Trivest du i team fylt med engasjement og leikne kvardagar? Då er du den me ser etter!
Kvifor jobbe hos oss?
- Hos oss jobbar du med engasjerte og dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø!
- Me har tilgang til mykje pedagogisk materiell i vår ressursbank.
- Du held deg fagleg oppdatert ved å delta på kurs og fagopplæring som blir tilbudt.
- Me har gode pensjons- og forsikringsordningar, samt tariffavtale gjennom PBL.
- Læringsverkstedet har et løfte til alle tilsette: "Hos oss har du alle muligheter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjera verdas viktigaste jobb på best mulig måte."
Kven me trur kan passa i rolla?
- Du må vera ein relasjonsorientert person som ser kvart einskild barn.
- Du lyttar og er lydhøyr på kva borna ynskjer å formidla.
- Du har faglege ambisjonar og eit hjarte for det du driv med. Vidare har du evne til å skapa engasjement og lyst til å delta i barns leik og utvikling.
- Du framstår som løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig.
- For å lykkes i rolla må du kunne kommunisere med menneskjer med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar.
- Du må kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst.
- Me ynskjer ein fagarbeidar/assistent som er god, varm og en omsorgsfull vaksenperson. Leiken og ambisiøs, raus og tydeleg er stikkord for vårt personale.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid med menneskjer og/eller liknande stilling
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner
- Du kan vera ein aktiv vaksen saman med borna og kunne iverksette sikkerhetstiltak
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Politiattest må framleggas før tilsetning, men skal ikkje leggast ved søknaden
- Personleg eigenskapar vil bli vektlagt
Om barnehagen vår
Læringsverkstedet Sæ barnehage ligg på Ås, i nærleiken av Leirvik sentrum på Stord.
Me har om lag 115 barn og 33–36 tilsette, fordelt på 7 avdelingar.
Me har eit rikt og variert nærmiljø som vi nyttar aktivt kvar einaste dag. Barnehagen ligg sentrumsnært, med kort veg til både byliv, kulturhus, ei aktiv hamn og kai, samt flotte turområde rett utanfor porten.
Naturen og nærmiljøet ser vi på som ein verdifull ressurs, og turar er ein viktig del av kvardagen vår. Dei yngste barna brukar nærområda som Ås-skogen og museumsparken, og vi er så heldige at vi får disponere den gamle korttidsbarnehagen som ligg på museumsområdet.
Dei eldste barna har tilgang til to minibussar, som gir oss fridom til å dra på lengre turar. Me utforskar nærområda på Stord, men reiser òg til Sagvåg, Litlabø, Fitjar, Bømlo og Sveio. Turane blir tilpassa alder, tema, prosjekt og årstid.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ba78d333-6417-4ecc-bf92-09ab3b681a6b
- Hentet fra
sap
- Referanse
2844-dibberas
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Myrane barnehage
Sted
Husnes
Pedagogisk medarbeider barnehage
Arbeidsgiver
Skorvane Fus Barnehage As
Sted
Hagavik
Arbeidsgiver
Ulsmåg barnehage, Bergen kommune
Sted
Nesttun