Hopp til innhold

Avdelingsleiar ATO Lye skule

Arbeidsgiver

Time kommune

Sted

Kvartsvegen 5B, 4347 Lye

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar ATO Lye skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 25. oktober

Lye skule søker avdelingsleiar i 100% stilling til ATO-avdelinga som er planlagt å starta opp hausten 2027. Stillinga vil vere ein kombinasjon av 50% leiing og 50% undervisning.

Lye skule har omtrent 300 elevar og 40 tilsette. Skulen har ei flott plassering i eit nærmiljø som er godt eigna for turar og uteskule. Visjonen vår er: "Lye skule, ein god stad å vera og ein god stad å læra".

Organisatorisk høyrer vi til i Timeskulen. Me er også med i leiarnettverket i Jærskulen saman med skulane i Time, Klepp, Hå og Gjesdal.

Avdelingsleiaren skal leie ei avdeling med om lag 20 barn og rundt 25 tilsette med brei fagleg kompetanse innan pedagogikk, undervisning, helse og miljø.

ATO-avdelinga skal gje eit heilskapleg og individuelt tilrettelagt opplæringstilbod til elevar med omfattande og varige behov for tilrettelegging.
Tilbodet skal bidra til at eleven får ei opplæring som er forsvarleg, meiningsfull og i tråd med prinsippet om barnet sitt beste.

Avdelinga vil delta i regionalt nettverk der tilsvarande skuletilbod i nabokommunane også deltek.

Oppstart: snarast etter 01.01.2027.

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar inngår du i ei leiargruppe saman med rektor og ein avdelingsleiar. Me ønsker ein kollega som ønsker å leia elevane og dei tilsette si læring og utvikling. Stillinga inneber i første omgang ansvar for etablering av ny ATO-avdeling.

Frå hausten 2027 vil stillinga innebera ansvar for den daglege drifta av avdelinga, inkludert administrative oppgåver og pedagogisk utviklingsarbeid.

Som avdleingsleiar for ATO-avdelinga ved Lye skule vil du ha ansvar for:

  • personalansvar for tilsette i avdelinga
  • oppfølging av enkeltvedtak
  • koordinering mot PPT og andre instanser
  • samarbeid med føresette
  • bemanningsplanlegging
  • tverrfagleg samarbeid
  • HMS-ansvar

Om lag 50 % av stillinga vil vera knytt til undervisning.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend lærarutdanning. Ønskeleg med vidareutdanning innan spesialpedagogikk og/eller vidareutdanning innan skuleleiing, eller at dette blir påbegynt innan to år.
  • God IKT-kompetanse.
  • Eit reflektert forhold til skulen sin pedagogiske profil
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg, minimum nivå C.
  • Personlege eigenskapar og dokumenterte leiareigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

Har god relasjonskompetanse, og evnar å handtera krevande personal- og elevsaker på ein trygg og profesjonell måte
Arbeider strukturert og sjølvstendig, og tek initiativ til oppgåver som må følgast opp og gjennomførast
Bidreg konstruktivt i leiargruppa, og er trygg nok til både å støtta og utfordra kollegaer
Er utviklingsorientert og har god innsikt i læreplanarbeid, skuleutvikling og organisasjonsutvikling
Kommuniserer klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg
Ønsker å delta aktivt i nettverksgrupper i Time kommune og på tvers av kommunane i Jærskulen

Vi tilbyr

  • Ein etablert skule med tydeleg pedagogisk grunnsyn og høg fagleg kvalitet

  • Ei engasjert leiargruppe med rom for fagleg utvikling og eigne initiativ

  • Leiaransvar for dyktige medarbeidarar med stort engasjement og høg gjennomføringsevne

  • Tett samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i kontinuerleg utvikling

  • Lønn etter avtale samt gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Gratis parkering og moglegheiter for kollektivtransport

    Det må visast politiattest før ein tiltrer i stillinga

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b97cbb75-e55b-499c-aa95-1a0314374ca9

Sist endret

7. oktober 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

477777215

Lignende annonser

Laster lignende annonser