Hopp til innhold

Vernepleiar/sjukepleiar 100% fast Bu- og habilitering

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Bu og habilitering

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar stilling med lange vakter på helg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 9. oktober

Bu- og habilitering er ei eining i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsvariasjonar. Målet for eininga er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.

Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.

 

Omtale av stillingar
  • Fast vernepleiar/sjukepleiar stilling på 100 % som er ledige frå d.d.
  • Arbeidsstad bufelleskap i Rosendal.
  • Arbeidstida er turnusarbeid med ordinære vakter i vekene og 4. kvar helg (14 t.).
  • Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, sosial trening og opplæring i daglege gjeremål. Stillinga er tillagt fagleg ansvar knytta til kartlegging og planlegging av vedtak for brukarane.

        Ved intern rekruttering, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetja i desse stillingane frå same søkjarmasse.

 

Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar Andre med 3- årig høgskuleutdanning innan helse eller pedagogiske fag, samt relevant erfaring kan bli vurderte.
  •            Søkjarar må ha sertifikat på bil

     

      Eigenskapar
    • Fleksibel og løysningorientert
    • Gode evner til kommunikasjon
    • Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre
    • Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
    • Kunna takla utfordrande adferd.

     

    Vi tilbyr 

    • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
    • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
    • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
    • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
    • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
    • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
    • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
     
    Søknad vert å senda 
    Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).  
    Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje  
    skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta  
    offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje  
    søknaden din. 
     
    Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. 
     
    Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
     
    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Hilde Bakkebø

    +47 97778377

    hilde.bakkebo@kvinnherad.kommune.no

    Om bedriften

    Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    b972ae45-7163-45bc-8415-3254eb42abfc

    Sist endret

    24. september 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3664575_225143_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser