Sjukepleiar/spesialsjukepleiar ved biologisk behandling (ECT og TMS)
Avdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/ spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Me har ledig stilling til deg som trivst i eit fagmiljø som satsar på evidensbaserte og moderne biologiske behandlingsformer.
Du vil delta i og utvikla eit sterkt fagmiljø. Hos oss får du kombinera sjølvstendig pasientarbeid med tett, effektivt teamarbeid i periodar med høg aktivitet, særleg travelt i morgonøktene når me køyrer hyppige ECT- og TMS‑sprang. Me samarbeider tett med DPS og kommunale tenester gjennom deloppdrag i pasientforløp. Me undersøkjer dei faglege og praktiske moglegheitene for oppstart av behandling med Ketamin i løpet av 2026.
Eininga er ein del av ei større avdeling som tilbyr spesialiserte tenester innan psykisk helse og rus, både
poliklinisk og som døgnbehandling.
Kva går jobben ut på?
- Planleggje og gjennomføre TMS‑ og/eller ECT‑behandling i tråd med prosedyrar og pasientforløp
- Delta i små team (oftast to personar) og kommunisere tydeleg under høg aktivitet
- Observere og vurdere pasienttilstand, dokumentere og kvalitetssikre behandling
- Bidra i opplæring, fagmøte og utviklingsarbeid
- Samhandle med DPS og kommunale tenester om deloppdrag i pasientforløp
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Må ha:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar.
- Erfaring frå psykisk helsevern, helst poliklinikk, med sjølvstendig pasientarbeid og/eller små team med pasientansvar.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Motivasjon for strukturert opplæring og sertifisering innan ECT/TMS.
Ønskjeleg:
Kva ser vi etter hos deg?
- Lagspelar: Du deler informasjon aktivt, ber om hjelp når det trengst og støttar kollegaer for å nå felles mål.
- Fleksibel: Du handterer endringar i plan utan å miste oversikt og held roen når tempoet aukar.
- Læringsorientert: Du set av tid til å lese prosedyrar, deltek i rettleiing og følgjer opp tilbakemeldingar.
- Kommunikativ: Du gir korte, presise beskjedar i team og dokumenterer nøyaktig i pasientjournal.
Vi tilbyr:
- Eit utviklingsorientert fagmiljø som satsar på ECT og TMS og vurderer nye metodar
- Strukturert opplæring og rettleiing, inkludert TMS‑sertifisering og veiledet praksis før sjølvstendig ansvar
- Tilrettelegging for fagleg utvikling tilpassa teamet og den enkelte si interesse, med fokus på klinisk retta tid og evidensbasert behandling
- Varierte dagar med kombinasjon av sjølvstendig arbeid og teamoppgåver
IA‑arbeidsplass med fokus på inkludering og godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Aarvik, konst. funksjonsleiar, +4797641042, elisabeth.aarvik@helse-fonna.noThomas Hasmo Eilertsen, Avdelingsleiar, +47 93455990, thomas.hasmo.eilertsen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5017028887
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b946b4a5-5d80-4230-b598-1af8dd291468
- Hentet fra
talentech
- Referanse
19cef89507f94870b919da161da4d9f7