Barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar
Garnes ungdomsskule, Bergen kommune
Garnesvegen 88, 5260 Indre Arna
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeider, helsefagarbeider
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 27. desember
Garnes ungdomsskule søker etter barne- og ungdomsarbeidar til nyoppretta STOLT avdeling (forsterka avdeling) frå snarast, ledig fagarbeidarstilling i 100%. Vi søkjer primært etter barne- og ungdomsarbeidar med erfaring frå arbeid med barn med særskilte behov, men annan utdanning kan og vere relevant. Ei STOLT avdeling er eit særskilt tilpasset opplæringstilbod for elevar med store tilretteleggingsbehov fagleg og sosialt. Tilbodet er for elevar med utviklingsforstyrrelser, utviklingshemming eller andre omfattande og vedvarende lærevansker. Avdelinga på Garnes ungdomsskule skal ta imot elevar frå 1. trinn - 10.trinn frå Bergen kommune. Avdelinga vil ha 20 elevplassar. Garnes ungdomsskule ligg fint på Garneshøgda og skal stå klar til å ta imot elevar frå januar 2026. Skulen ligg ca.10 min med buss frå Arna stasjon. Kommunikasjonen er god på dagtid.
Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø, og vår visjon er «Læring og trivnad for alle». Vi arbeider etter PALS-modellen.
Skulen har nynorsk som sitt hovudmål.
Arbeidsoppgåver
- Heilhetleg oppfølgjing av elevane si læring gjennom å planlegge og gjennomføre pedagogisk opplegg planlagt av lærar.
- Tilretteleggje for læring, kvardagslivstreningog auka sjølvhjelpsdugleik hos elevane.
- Planlegge og gjennomføre aktiviteter i SFO/UFO i samarbeid med avdelingsleiar.
- Ved behov vere følgje i taxi.
- Holde seg fagleg oppdatert.
- Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
- Dagleg pleie og omsorg for elevar i avdelinga.
- Følgje elevar i basseng
- Arbeidstid ml. kl. 07.00 - 17.00
Kvalifikasjonar
- Søker primært barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev som har erfaring frå arbeid med barn med særskilte behov. Annan utdanning kan og vere aktuelt.
- Erfaring frå arbeid med elevar med psykisk utviklingshemming /store lærevansker er ein fordel.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, må like å jobbe i team.
- Ønsker fagarbeidar med kjennskap til alternativ- og supplerande kommunikasjon og digitale kommunikasjonshjelpemidlar.
- Vi treng både mannlege og kvinnlege fagarbeidarar. Menn vert oppfordra om å søke.
- Gode norskkunnskap.
- Utdanning frå utlandet krev godkjenning.
- Gyldig politiattest.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, løysingsorientert og kreativ.
- Læringsvillig, positiv og fleksibel.
- Ansvarsbevisst, strukturert og endringsvillig.
- Kunne skape og utvikle gode relasjonar til elevar, kollega og føresette.
- Kunne stå i ein hektisk kvardag.
- Tåle høgt tempo, stadige endringar og uforutsigbarheit
- Jobben kan vere fysisk og psykisk krevjande.
Vi tilbyr
- Ein skule i utvikling og endring.
- Fagleg og personleg utvikling.
- Samarbeid og støtte av lærarar og avdelingsleiar.
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø.
- Ein spannende, hektisk og utfordrande kvardag.
- Lønn etter kvalifikasjoner og etter avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Elin Blom RivenesArbeidssted
Garnesvegen 885260 Indre Arna
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bergen kommuneReferansenr.: 5050637466
Fast
Søknadsfrist: 27.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Elin Blom Rivenes
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b9385a32-6a40-48b0-9bc2-9643ef369b88
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8375d06da01f4d22b07e559a2b3b3ff2
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ortun skole, Bergen kommune
Sted
Fyllingsdalen
Arbeidsgiver
Botjenester i Åsane, Bergen kommune
Sted
Breistein
Arbeidsgiver
Botjenester i Åsane, Bergen kommune
Sted
Breistein