Avdelingsleiar, Kulatoppen Omsorgssenter
Kinn kommune
Ytre Kulen 73, 6718 Deknepollen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar, Kulatoppen Omsorgssenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Leiinga på Kulatoppen omsorgssenter består av tenesteleiar og 3 avdelingsleiarar. Vi søkjer deg som vil være avdelingsleiar på institusjon. Du har ressursstyring i fokus, og er opptatt av god rammestyring. Du ser samarbeid med andre tenester i heile kommunen som viktig for å få ei god og kostnadseffektiv drift. Du er opptatt av kvalitet, kompetansebygging og endringsarbeid, og har fokus på pasienten og dei tilsette.
Arbeidsoppgåver
Dagleg fordeling av arbeid - nytte arbeidsplan som verktøy.
Innleige der det er naudsynt ved fråver-oppdatere RS ved fråver, attestere timelister.
Ansvar for utarbeiding av årsturnus.
Oppfølging av tilsette og ha årlege medarbeidersamtaler. Ta faglege avgjerder i samarbeid med tilsette.
Du får vere med på å vidareutvikle avdelingane og bygge eit godt og faglig sterkt arbeidsmiljø.
Du blir med på omdømmebygging av avdelinga di og er medansvarlig for at kvaliteten på tenestene er gode og samsvarar med måla til Kinn kommune.
Du har ansvar for god rammestyring og har fokus på å drifte innafor tildelt ramme. Som avdelingsleiar må ein pårekne å delta i drift ved behov for å redusere behovet for innleige ved fråvær.
Kvalifikasjonar
3 årig helsefagleg høgskule.
Leiar erfaring og leiarutdanning er ønskeleg
Du må ha god datakompetanse, og kunne tileigne deg bruk av våre fagsystem som til dømes er Compilo, CosDoc og RS.
Du har god økonomiforståing, og er opptatt av godt samarbeid internt og mot andre tenester.
Personlege eigenskapar
Er strukturert og tydeleg
Er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra
Likar endring og likar å jobbe i team
Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert
Likar å ha ansvar og tek ansvar
Er lojal og har forståing for naudsynt ressursfordeling.
Vi tilbyr
Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer avdelinganeDagtid 5dg/veke
Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning
Vi legg til rette for opplæring og kompetanseutvikling
God pensjonsordning i KLP og konkurransedyktige lønsvilkår
Kontaktinformasjon
Tone Husevåg, Tenesteleiar Kulatoppen, +47 99473470, tone.husevag@kinn.kommune.noArbeidsstad
Ytre Kulen 736718 Deknepollen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5016840908
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b91c6ec2-df51-419a-ba9f-143c9bf86bb4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8dcb0c0efaf54e3fb9c10285b738da65