Helsefagarbeidar - 100% vikariat
Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune
Vinjevegen 212, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 100% vikariat
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Er du omsorgsfull, trygg og ynskjer ein jobb med meining?
Vinje sjukeheim har ledig 100 % vikariat som helsefagarbeidar på Vesleheimen. Vesleheimen er ei gruppe på langtidsavdelinga, som er tilpassa personar med demenssjukdom. Me søkjer etter deg som er ein positiv lagspelar, som jobbar målretta mot det beste for kvar enkelt bebuar. Du må like å vere i lag med eldre personar med demenssjukdom, og evne å balansere dagane mellom aktivitet og kvile for bebuarane.
Vinje sjukeheim består av ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling. Langtidsavdelinga er delt inn i tre grupper, der to av gruppene er tilpassa personar med demens, og ei gruppe er somatisk pleieavdeling. Ved Vinje sjukeheim skal me sørge for at innbyggjarar i Vinje med behov for heildøgnspleie, meistring og omsorg mottar eit best mogleg tilbod, og der me jobbar kontinuerleg med å auke kvaliteten i tenesta.
Me nyttar årsturnus for at du som medarbeidar skal ha moglegheit til å påverke din eigen turnus etter individuelle behov i ulike livsfasar.
Arbeidsoppgåver
- Utføre dagleglivets gjeremål, som personlig stell og bistand til eigenomsorg.
- Ta målingar og gjera observasjonar.
- Ivareta rolla som primær- og sekundærkontakt.
- Samarbeide med pårørande.
- Delta i praktiske arbeidsoppgåver i avdelinga.
- Dokumentasjon.
- Miljøbehandling og tilrettelegge for gode og aktive kvardagar for våre bebuarar.
- Vere ein positiv bidragsytar i det kontinuerlige endrings- og forbetringsarbeidet vårt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Vidareutdanning i demensomsorg er positivt.
- Godt dokumentert norsk kompetanse, tilsvarande B2.
- Ynskje med erfaring innanfor demensomsorg.
- Beherske vanlege IKT verktøy.
- Erfaring får liknande arbeid kan bli vurdert.
Personlege eigenskapar
- Du jobbar målretta for å ivareta kvar enkelt sine ynskje og behov, i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
- Du bidrar aktivt til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.
- Du er fleksibel og strukturert.
- Du kan jobbe både sjølvstendig og i team, og har gode samarbeidsevner.
- Du har interesse for demensomsorg.
- Du held deg fagleg oppdatert.
- Du har evne til å skape gode relasjonar.
- Du er fleksibel og kan arbeide på tvers av avdelingar.
- Du har interesse for velferdsteknologi.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Gode støtteordningar for vidareutdanning i demensomsorg.
- ABC-kurs i demensomsorg og andre fagområde.
- Fagleg oppdaterte og dyktige kollegaer.
- Betalt matpause.
- Løn etter ansiennitet i lokal stige med fagbrev frå 470.800 til 599.300
- Moglegheit til å påverke din eigen turnus. Me nyttar årsturnus.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24Arbeidsstad
Vinjevegen 2123890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5007876107
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2025
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Hanne Kristin Finkenhagen
Avselingsleiar langtidsavdelinga
+47 99 25 16 24
Om bedriften
Langtidsavdelinga på sjukeheimen består av 25 sengeplassar fordelt på 3 grupper. 13 plassar er tilrettelagt for personar med kognitiv svikt og demens. Ei langtidsavdeling med 12 sengeplassar, der pasientane får pleie og stell gjennom heile døgnet. Det er legevisitt tre dagar i veka av fast tilsynslege.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b86ac9e2-233b-4c9f-b9e6-e12adb252db2
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d0ca7897f65d406b92e01e92f7ad77a4