Hopp til innhold

Vernepleiar / sjukepleiar

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 22. oktober

Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Vestre Lurane bufellesskap, har ledig 100% fast stilling i turnus.

Arbeidsstad
T
ilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter.
Vestre Lurane er eit bufellesskap med 9 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov. I tillegg har bufellesskapet ansvar for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar. Avdelinga ligg nokre få minutt i frå Os sentrum.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. Hos oss skal jobben handle om livskvalitet. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. 

  • Sikre tenester i tråd med bebuaranes behov og ønsker
  • Dagleg bistand, veileiing og tilrettelegging i forhold til ADL
  • Være bidragsytar i forhold til kunnskap om Hol. kap. 9
  • Legemiddel handtering, delta i eininga si ressursgruppe 
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartner
  • Primærkontakt-ansvar
  • Praktiske gjeremål i bustad
  • Delegerte oppgåver frå avdelingsleiar 
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar.
  • Primærkontaktansvar. Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med ansvar 
  • Erfaring frå målretta miljøarbeid med personar med nedsett funksjonsevne og utfordrande åtferd, vil bli vektlagt.  
  • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. 
  • Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar

Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. 

  • Gode samarbeidsevner
  • Gode og tydelege kommunikasjonsferdigheiter 
  • Engasjement og gode samarbeidsevner
  • Løysingsorientert tilnærming
  • Kunna arbeida sjølvstendig og i team 

Eigenskap
«Kven er du?»
Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk.
Er du ein lagspelar som spreier energi i personalgruppa og tør å tenkje utanfor boksen når de vanlege løysingane ikkje strekk til?

Korfor velgje oss?
Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv
Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag
Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Turi Kvittingen

Ass.einingsleiar

+47 977 91 542

atk@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b835f389-d75f-4dbb-af13-17376751f8fc

Sist endret

8. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3668315_196017_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser