ID 2471 Sjukepleiarar/vernepleiarar - Eining for institusjonar
Stord kommune
Stord
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Sjukepleiar, spesialajukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, kveld og dagtid, alle dager
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. september
Eining for institusjon har to bygg, Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar i tillegg til dagtilbod og Knutsaåsen omsorgssenter 46 plassar fordelt på 2 avdelingar. Eininga her ledige stillingar på begge hus.
Eining for institusjon har fleire faste 100% stillingar for autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, frå snarast.Stillingane er i turnus enten 2 delt turnus dag/kveld og 3. kvar helg eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 4. helg.
Som sjukepleiar eller vernepleiar i våre avdelingar vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar. Ved institusjonane arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonane no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane.
Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som sjukepleiar/vernepleiar vil få ei viktig rolle inn i dette arbeidet. Dette inkluderer å sjå på løysningar som sjukepleiarteam.
Du vil få ta del i og ha ansvar for-
Samhandling og tverrfagleg samarbeid
-
Tiltak, evaluering og dokumentering
-
Fagprosedyrar, ansvarsoppgåver som sjukepleiar eller vernepleiar, tett samarbeid med lege og spesialisthelsetenesta
-
Palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
-
Legemiddelhandsaming
-
Delta i fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
-
Faste møter og fellesskap med resten av sjukepleiar- og vernepleiargruppa i eininga
-
Bidra fagleg inn i tilsettgruppa og kunna vegleia kollegaer og andre i faglege vurderingar og oppgåver
-
Personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.
-
Brukarorientert tilnærming
-
Evne til å vera nyskapande i arbeidet
-
Gjerne erfaring frå arbeid innan geriatri
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me kan tilby:-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b82d3469-0b67-4eee-8b26-65007ad5e7b7
- Sist endret
18. august 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b82d3469-0b67-4eee-8b26-65007ad5e7b7