Hopp til innhold

Brannforebyggar

Arbeidsgiver

Ørsta brann og redning

Sted

Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Brannforebyggar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 19. august

Vil du bidra til eit tryggare lokalsamfunn?  Ørsta brann og redning har, frå 01.08.26, ledig stilling som brannforebyggar i Ørsta kommune.

Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt brannførebyggjar (feiar) som ønskjer å arbeide med førebygging av brann og auka tryggleik for innbyggjarane våre.

Ørsta kommune har etter forskrift om brannførebygging § 17 ansvar for å sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Som brannførebyggjar er du ein viktig del av kommunen sitt lovpålagde brannførebyggjande arbeid og bidreg til å sikre branntryggleiken i kommunen.

Stillinga gir deg ein variert arbeidskvardag der du møter innbyggjarar i alle aldrar gjennom tilsyn, feiing og informasjon om branntryggleik. Gjennom fagleg rettleiing og god dialog bidreg du til å førebyggje brann, auke kunnskapen om branntryggleik og skape tryggleik for innbyggjarane våre. Som brannførebyggjar får du ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleiken. 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver
  • Feiing og fresing av fyringsanlegg.
  • Gjennomføring av tilsyn med fyringsanlegg til oppvarming.
  • Kartlegging og vurdering av branntryggleik knytt til fyringsanlegg.
  • Informasjon og rettleiing om forebygging av brann.
  • Registrering, dokumentasjon og sakshandsaming i aktuelt fagsystem.
  • Delta i anna forebyggande arbeid ved behov.
  • Bidra til utvikling av det forebyggande arbeidet i Ørsta brann og redning.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som brannforebygger (feiar)
  • Søkjarar med anna relevant bakgrunn kan også bli vurderte, under føresetnad av å gjennomføre nødvendig utdanning innan 3 år.
  • Førarkort klasse B.
  • Beherskar digitale verktøy og fagsystem.

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du: 

  • Er serviceinnstilt og trivast med å møte folk.
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Er engasjert, sjølvstendig og strukturert.
  • Arbeidet inneber arbeid i høgda og kan vere fysisk krevjande, så det er viktig at du har helse som er foreinleg med stillinga.
  • God munnleg og skrifteleg framstillingsevne på norsk. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon.

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. 

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og samfunnsviktig stilling.
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver.
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring  på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
  •  

    Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 1.2 - Fagarbeidarstilling
    Stillingskode 6986 - Feiar

    Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

    Prøvetid
    Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. Fråvær går til fråtrekk.

    Intern søkjar
    Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

    Dokumentasjon 
    Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller tal timar.

    Om offentleglova
    Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

    Kontaktinformasjon

    Eldar Rune Øye, Kommunalsjef Teknisk, eigedom og landbruk, 93439790
    Thomas Winther Leira, Brannsjef, 90 74 91 12, thomas.winther.leira@orsta.kommune.no

    Arbeidsstad

    Dalevegen 6
    6153 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 5153168123
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 19.08.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Eldar Rune Øye

    Kommunalsjef Teknisk, eigedom og landbruk

    93439790

    Thomas Winther Leira

    Brannsjef

    90 74 91 12

    thomas.winther.leira@orsta.kommune.no

    Om bedriften

    Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
    Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Heiltidskultur og inkludering
    Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

    Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    b829a3d8-ef36-4eeb-8e2e-0ecac214a3b8

    Sist endret

    30. juli 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    4eb09289f08a4fbdb56c3b7369649738

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser