Faglærar – Teknologi- og industrifag
OPK-FL - Flora vgs, Vestland fylkeskommune
6900 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Faglærar – Teknologi- og industrifag
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. september
Vi søkjer faglærar i teknologi- og industrifag til eit vikariat frå 01.11.2025 med eitt års varigheit. Vi ønskjer tiltreding så snart som mogleg.
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og
yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og
vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå snarast har vi ledig stilling som lærar i teknologi- og industrifag. Søknadsfrist 17.09.25
Arbeidsoppgåver
Arbeidet omfattar planlegging og gjennomføring av undervisning på både Vg1 og Vg2, i klasserom og på verkstad. Undervisning i yrkesfagleg fordjuping (YFF) vil òg vere ein del av stillinga. Du får ansvar for oppfølging og vurdering av elevar, og vil vere ein del av eit fagmiljø som legg vekt på samarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid og tett kontakt med lokalt næringsliv for å gi elevane ei relevant opplæring og ein trygg overgang til lære og arbeidsliv.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg med fagbrev innan mekaniske eller relevante fag og minst fire års yrkeserfaring etter fagbrev. Teknisk fagskule, høgare utdanning eller yrkesfaglærarutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Har du ikkje formell undervisningskompetanse, kan du tilsetjast på vilkår om å fullføre slik utdanning innan ein nærare gjeve frist. Politiattest må leggjast fram.Personlege eigenskapar
Som lærar må du trivast med å arbeide med ungdom og vere ein tydeleg og inkluderande rollemodell. Vi ønskjer deg som er oppteken av å skape eit godt læringsmiljø, og som kan kombinere fagleg tyngde med evne til samarbeid, refleksjon og utvikling. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i vurderinga av søkjarar.Vi tilbyr
Vi tilbyr eit spennande fagmiljø med framtidige fagarbeidarar og gode kollegaer, samt tilrettelegging for vidareutdanning.
Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadsfrist 17.09.25.
For meir informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar og handverk- og industrifag Ole Hennøy tlf 91 87 27 26.
Kontaktinformasjon
Knut Christian Clausen, rektor , 41530684Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5012963168
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 17.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Knut Christian Clausen
rektor
41530684
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b7f4f224-9d7c-4646-ab8e-e96505c3a9b0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f232e7ac4f5a49bc97c20163580b470d