Ferievikar helse og omsorg
Helse og omsorg, Vanylven kommune
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikar helse og omsorg
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. februar
Vanylven helse og omsorg inviterer DEG til å søkje som ferievikar!
Vi kan tilby inntil 100% stilling mellom veke 24-32, frå 14. Juni - 15. August.
Kunne du tenkje deg ein meiningsfull sommarjobb i eit trivelig arbeidsmiljø med moglegheit for erfaringslæring og utvikling?
Då må du søkje som ferievikar hos oss!
Helse og omsorg består av:
- Vanylven helse- og omsorgssenter
- Heimebasert omsorg, Fiskå og Syvdetun
- Bu og avlastning- Avd. Utsikten og Djuvika
- Bu og avlastning- Avd. Avlastninga og BPA i privat bustad
- Institusjonskjøkken
- Dagaktivitetstilbod
Arbeidet vert organisert i eigen ferieturnus, der arbeidstid blir snittberekna på turnus perioden. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Skriv kva arbeidstad du kunne tenkje deg å jobbe. Du må også informere om du kan arbeide heile perioden eller eventuelt kva periode du er tilgjengeleg. Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med den enkelte avdelingsleiar.
Arbeidsoppgåver
Vi ser etter kokk, kjøkkenassistent, reinhaldarar, aktivitørar, pleieassistent, helsefagarbeidar, hjelpepleiar, sjukepleiar, vernepleier, andre med sosialfagleg utdanning og studentar.
Ufaglært og ungdom født 2011 eller tidlegare, med interesse for å arbeide innan områda vert også oppmoda om å søkje.
For å arbeide i heimetenesta må du ha førerkort klasse B.
Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Positiv haldning
- Har interesse for å arbeide med menneske
- Likar å arbeide i team
- Er løysningsfokusert og evnar å lære nytt
- Kan bruke IKT som arbeidsverktøy
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
Lønn etter gjeldande tariffavtale.Studentar som tar høgare utdanning (Høgskule/Universitet) blir lønna etter fagarbeidarstigen.
Kontaktinformasjon
Agnethe Fagerhol Sandvik, Avdelingsleiar aktivisering og meistring, 41647848, agnethe.fagerhol.sandvik@vanylven.kommune.noHanne Fiskaa Øren, Avdelingsleiar kjøkken, 99338607, hanne.fiskaa.oren@vanylven.kommune.no
Anne May Sætrevik, Avdelingsleiar avlastninga og BPA i privat bustad, 95843148, anne.may.tjervag.saetrevik@vanylven.kommune.no
Rose-Mari Thunem Nygård, Avdelingsleiar bu og avlastning - utsikten, 48246904, rose-mari.thunem.nygard@vanylven.kommune.no
Katrin Brekke Sunde, Avdelingsleiar omsorgssenteret, 47638029, katrin.sunde@vanylven.kommune.no
Julie Strand, Avdelingsleiar heimebasert omsorg, 97540039, julie.strand@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 5209492451
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 01.02.2027
Kontaktpersoner for stillingen
Rose-Mari Thunem Nygård
Avdelingsleiar bu og avlastning - utsikten
48246904
Anne May Sætrevik
Avdelingsleiar avlastninga og BPA i privat bustad
95843148
Agnethe Fagerhol Sandvik
Avdelingsleiar aktivisering og meistring
41647848
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b774d444-e9d9-4d6a-85ec-d9334c9ea23f
- Sist endret
23. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e125b7e69153481087c03e3db8b656d2