Hopp til innhold

Sekretær

Arbeidsgiver

Nordfjord BUP, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Oppstart
1. desember 2026
Stillingstittel
Sekretær
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. september

Nordfjord BUP har ledig vikariat i 100% stilling som sekretær i perioden 01.12.2026 til 31.12.2027. 

Avdeling for psykisk helsevern barn og unge er organisert i fire seksjonar, ein sengepost og tre poliklinikkar. Kvar seksjon har sin eigen sekretær.
Poliklinikken dekkjer geografisk kommunane Stad, Gloppen, Stryn og Måløy-delen av Kinn, som til saman har ei barnebefolkning i underkant av 7 000. 

Sekretæren har tett kontakt med pasientar, behandlarar og samarbeidspartnarar, og er ein viktig bidragsytar til god dagleg drift.

Det er og eit tett samarbeid med dei andre sekretærane og konsulentane i avdelinga, Saman har de ansvar for å løyse dei merkantile arbeidsoppgåvene på ein god måte.


Arbeidsoppgåver

  • Ta godt imot pasientar, pårørande og andre besøkande ved BUP
  • Planleggje og administrere timeavtalar og samarbeidsmøte
  • Samarbeide tett med kollegaer på tvers av seksjonane
  • Følge opp rapportering og kontorfaglege oppgåver knytt til Nordfjord BUP

Kvalifikasjonar

  • Merkantil eller kontorfagleg utdanning er ønskjeleg 
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, er ein føresetnad 
  • God systemforståing
  • GodE IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du evner å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserar og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollagaer
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Det vert lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons-og forsikringsordninger
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Varierte arbeidsoppgåver

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Toril Taklo, Avdelingssjef, 578 64 350
Mary Ann Refseth, Seksjonsleiar, 578 64 350

Arbeidssted

Sjukehusvegen 7
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5171659605
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 10.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Mary Ann Refseth

Seksjonsleiar

578 64 350

Toril Taklo

Avdelingssjef

578 64 350

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b75a9372-09f7-4eb0-a274-ed960eb67f7d

Sist endret

27. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e480d74495ce43d18ba211d23a3dca02

Lignende annonser

Laster lignende annonser