Vikarstilling lærar, Folkestad skule
Volda kommune, Avdeling skule
Stormyra 2, 6100 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
7. november 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. oktober
Folkestad skule har ledig 100% vikarstilling som lærar i perioden 7. november 2025 til 19. mars 2026.
Folkestad skule er ein fådelt 1-10 skule med 65 elevar. Skulen ligg idyllisk til ved sjøen eit knapt kvarter med gratis ferjetur frå Volda sentrum.
Aktuelle fag er:
Musikk
Matematikk
Kroppsøving
Norsk/samfunnsfag/KRLE
Folkestad skule ynskjer deg som ny lærar velkommen til eit inkluderande fellesskap i eit godt læringsmiljø!
Arbeidsoppgåver
Førebu, gjennomføre og etterarbeide undervisning. Anna tid med elevane, som til dømes elevsamtalar og tilsyn i friminutt. Legge til rette for og leie eit trygt og godt læringsmiljø, i nært samarbeid med elevar, føresette og kollegaer. Samarbeid med naturlege faginstansar, til dømes helsestasjon, PPT, BUP og barnevern. Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn og unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.
Deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid. Alle lærarar i grunnskulen i Volda må vere budde på å ta kontaktlæraransvar. Fleire av skulane er praksisskular, noko som gjer at alle lærarar må vere budde på å bidra inn mot lærarstudentar og praksis.
Sektor oppvekst arbeider etter visjonen om at "Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer". Alle våre tilsette skal ha dette som ei leiestjerne i sitt daglege arbeid.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning, ved høgskule eller universitet. Dette inneber godkjent pedagogisk utdanning, og minimum 180 stp i relevante undervisningsfag.Vi søkjer etter lærarar som har gode kunnskapar i faga dei skal undervise i, er autoritative vaksne som er gode klasseleiarar og har evne til å bygge gode relasjonar med elevane.
CV må fyllast ut i søknaden. Søkarane må og spesifisere i søknaden kva fag dei har 30, 60 eller meir studiepoeng i, og kva slags skuleslag søkarane ser på som aktuell for sin del.
Personlege eigenskapar
Vi forventar at den som vert tilsett har god evne til å bygge relasjonar med elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartar.Vi forventar og at ein syner god evne til samarbeid og sjølvstende i arbeidet, og er med på å ta initiativ i skulen sitt faglege utviklingsarbeid. Vi legg vekt på at våre lærarar skal ha god klasseleiingskompetanse.
Vi tilbyr
- gode moglegheiter for å utvikle seg i eit fagmiljø som legg vekt på kvalitet
- fagleg kompetanseutvikling mellom anna i form av fagdagar med pedagogisk utviklingsarbeid for alle tilsette
- kurs og fagleg utvikling gjennom Volda kommune
- skular med fokus på gode, trygge og inkluderande opplæringsmiljø for elevane
- skular som er opptekne av å gi medarbeidarane ansvar, tillit og høve til å påverke kvardagen sin i samarbeid med leiing og team
Tilsetjing skjer etter gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Dei som vert tilsette må legge fram gyldig politiattest, jf opplæringslova § 17-11. Prøvetida i Volda kommune er 6 månader. Volda kommune har god, offentleg pensjonsordning i SPK. Stillinga er plassert i kap 4, lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.
Fleire opplysningar får ein ved å vende seg til rektor ved Folkestad skule Tom Erik Bogen, tlf 48036232, e-post: rektor.folkestad@voldaskulen.no
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Det vert og innhenta referansar i etterkant av intervju.
Kontaktinformasjon
Tom Erik Bogen, rektor Folkestad skule, 48036232, rektor.folkestad@voldaskulen.noArbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5016826088
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 07.11.2025
Sluttdato: 19.03.2026
Søknadsfrist: 10.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b73f8ee7-32a2-464c-9852-ec27180c702d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
079cae42d46941c7a237c4891215263f