Sjukepleiar 100% fast stilling
Hareid kommune, Korttidseining
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Korttidseininga ved Hareid sjukeheim har ledig to faste 100-prosent stillingar som sjukepleiar på dag/kveld og med kvar tredje helg. Ved til dømes interne søkjarar kan andre stillingar i sektoren verte ledige.
Korttidseininga er ei av tre einingar ved Hareid sjukeheim, der vi gir tilbod om langtidsopphald, korttidsopphald, avlastningsopphald, rehabiliteringsopphald og kommunal akutt døgnplass (KAD). Korttidsavdelingar har 16 plassar, der ein av dei er KAD. Vi jobbar for å gi gode tenester til dei innbyggarane som treng det, og vi jobbar for gode arbeidsvilkår for tilsette. Vi samarbeider tett med andre delar av vår sektor for å sikre gode pasientforløp. Tilsette har fagdag i turnusen sin, og får påverke eiga arbeidstid og fritid gjennom forhandling.
Søknadsfristen er 31. august 2024, vi gjer fortløpande vurdering av kvalifiserte søkjarar
Arbeidsoppgåver
- medisinsk og sjukepleiefagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
- pleie- og omsorgsoppgåver
- tett samarbeid med sjukeheimslege, fysioterapeut, heimetenesta og dei andre sjukeheimseiningane
- sikre at tenester blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
- rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
- medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
- bruk av velferdsteknologi
- delta i kvalitetsutvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar. Erfaring frå arbeid på korttidsavdeling vert vektlagt
- God digital kompetanse
- Godt, norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivå B2)
Du må legge fram godkjend politiattest av ny dato før du startar å arbeide, samt gjennomgå smittevernkontroll.
Personlege eigenskapar
I sektor for velferd ønskjer vi oss medarbeidarar som er pliktoppfyllande, engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause. Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner og utøver dette til beste for pasient, pårørande og tilsette. Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne.Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Verdiar som stabilitet, god arbeidsmoral og det å vere ein god kollega og samarbeidspart er viktig for oss.
Vi tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med godt tverrfagleg arbeidsfellesskap
- spennande og faglege utfordringar
- fagdag i arbeidsplan
- kurs gjennom NHI og Visma-rettleiaren
- forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Løn etter nærare avtale. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Webcruiter. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Hareid kommune legg ut offentleg søkjarliste. Vi praktiserer meiroffentlegheit i tilsettingar og du må difor grunngi særskilt om du ønskjer å bli unnateke offentlegheit på denne lista. Vi vurderer ønsket ditt opp mot offentleglova. Dersom vi ikkje kan oppfylle dette, vil vi ta kontakt.
Kontaktinformasjon
Synnøve Nystøyl, Einingsleiar, +47 91 14 89 45Arbeidsstad
Teigevegen 556060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4822009501
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2024
Om bedriften
Hareid kommune har 5303 innbyggarar, og ligg sentralt på Sunnmøre i eit knutepunkt mellom Ålesund og bygdebyane rundt. Kommunen er i vekst og har skapt eit livskraftig samfunn på Hareidlandet i godt samarbeid med engasjerte innbyggjarar og gode naboar.
Hareid kommune er ein god arbeidsplass, og ein god kultur- og bukommune i ein sterk og rik arbeidslivsregion.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2668560
- Sist endret
1. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d86d0678092646ff9aab29cff497152c