Inntil 2x100% fast stilling praktisk bistand/heimehjelp
Surnadal kommune Heimetenesta
Bårdshaugvegen 35, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Vi har ledig inntil to faste 100% stillingar innan tilbodet praktisk bistand/heimehjelp.
Til stillingane ligg arbeid 3.kvar helg i heimesjukepleia.
Link til søknadsskjema: Søk her
Til stillingane ligg arbeid 3.kvar helg i heimesjukepleia.
Arbeidsoppgåver:
I heimehjelpa:
- utøve praktisk bistand/heimehjelp etter vedtak
- samarbeide med andre i eininga
- dokumentere utført arbeid
I heimesjukepleia:
- pleie- og omsorgsarbeid
- respons på tryggleiksalarmar
- dokumentasjon
- oppfølging av tiltak
- tverrfagleg samarbeid
- retleiing av elevar, lærlingar og vikarar
- samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse
- fagutdanna innan helsefag eller har anna helsefagleg bakgrunn. Ufaglærte kan søkje.
- erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk
- kunne bruke dataverktøy til å dokumentere arbeidet og for å finne informasjon
- ha basiskompetanse eller fagkompetanse som bidreg positivt til arbeidsmiljø og fagutvikling
Du må ha førarkort kl.B og disponere eigen bil for tilsettinga innan praktisk bistand/heimehjelp.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar:Vi ønskjer oss medarbeidarar som:
- er fagleg trygge
- er fleksible
- er motiverte til å lære
- vil vere pådrivarar for utvikling og endring
- bidreg til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø
- har evne og vilje til sjølvstendig arbeid
- godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og godt arbeidsmlijø
- lønn etter gjeldande avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent.
Vi er til saman 60 tilsette og held til i sentrum av Surnadal.
I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet.
I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes. Vi har også eigen fagutviklingssjukepleiar.
Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar.
Heimetenesta arbeider etter metoden "Helheltlig pasientforløp i eget hjem" -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital.
KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar.
Vi brukar Gerica som fagsystem.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2561395
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3303431_188829_nn