Hopp til innhold

Stranda kommune søkjer fastlege

Arbeidsgiver

Helsetenesta, Stranda kommune

Sted

Øyna 13, 6200 Stranda

Om jobben

Stillingstittel
Ledig fastlege/ALIS
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 8. september

Kvifor velge Stranda ?
Stranda kommune ligg vakkert til mellom fjord og fjell på Sunnmøre. Her finn du eit unikt samspel mellom faglege utfordringar og naturbaserte fritidsaktivitetar – perfekt for deg som ønskjer ein balansert og meiningsfull kvardag. 

Stranda kommune  har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.

Vi har ledig 2 vikariat i 100% stilling, eine frå dags dato til mai 2027 og det andre vikariatet frå 26. oktober til august 2027,  med moglegheit for forlenging.

Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin eller lege i spesialisering (ALIS).
Stillinga er fastløna og alle ved kontoret er kommunalt tilsett.

   

Listetak på 750 pasientar for spesialistar i allmennmedisin og 600 pasientar for ALIS. 

Vi har i dag 7 legeheimlar og 1 LIS1-stilling og vi nyttar journalsystemet PasientSky.  

Kvifor velge Stranda legekontor?

  • Legekontoret er veldrive
  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø med erfarne kollegaer 
  • Variert arbeidskvardagar med allmennmedisinske utfordringar
  • Fastløn og 15 % omsetningsløn
  • Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke
  • Det er lagt til rette for heimekontor/administrativ dag.
  • Internundervisning og «opa-dør»-prinsipp
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Kommunen dekkjer kursutgifter og legg til rette for spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II
  • Kommunen er godkjent utdanningsverksemd
  • ALIS-avtale med oppfølging av erfarne rettleiarar
  • Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke 
  • Deltaking i interkommunal legevakt (primært laurdag og søndag dagtid) 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Natur, fjord, fjell rett utanfor døra – perfekt for friluftsliv og rekreasjon



Vi tilbyr

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og hyggeleg arbeidsmiljø
  • Interkommunal legevakt i Sykkylven med 3 fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell. Primært legevakt laurdag og søndag kl. 08:00–16:00
  • Lav vaktbelastning

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS1 i Norge
  • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
  • Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Fleksibel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.

Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.

Kontaktinformasjon

Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089
Inge Settemsdal, Tillitsvalt NLF, 46411094

Arbeidsstad

Øyna 13
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5170285778
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 08.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Inge Settemsdal

Tillitsvalt NLF

46411094

Josefine Gjerde

Einingsleiar helsetenesta

+47 46411089

Om bedriften

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b6f1d6e0-60c6-4ac2-b9a1-f071655554d7

Sist endret

25. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6f7ca8bf309348ccbe5000b6c33a439e

Lignende annonser

Laster lignende annonser