Brann- og redningsskulen søker strukturert leiar med god gjennomføringsevne
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
9441 Fjelldal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brann- og redningsskulen søker strukturert leiar med god gjennomføringsevne
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. oktober
Har du lidenskap for god administrativ styring, hjarta for offentleg forvaltning og veit at dei beste resultata kjem gjennom godt samarbeid. Då bør du lesa vidare. Brann- og redningsskulen søker no etter ny leiar som skal ha ansvar for vår kurs- og studieadministrasjon. Eininga kurs- og studieadministrasjon er navet ved skulen, både opptak, administrasjon og dokumentasjon til våre kurs og studie ligg her.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Du må ha:
Me ønsker at du har:
Forventingar til deg som leiar:
Medarbeidarane er DSB sin viktigaste ressurs. I leiarstillinga får du ansvar for eit stort spenn av oppgåver, og for å levere tenester innan ulike saksfelt. Du må difor være utprega samarbeidsorientert, følge opp medarbeidarane dine, gje dei tilbakemelding, og stimulere til utvikling aleine og saman med kollegaer.
Som leiar i DSB, skal du bidra til at me er ein moderne og profesjonell organisasjon, som leverer på samfunnsoppdraget vårt. Du må vera målbevisst og flink til å kommunisere både internt og eksternt.
Vilkår
Om stillinga, eininga og seksjonen
Stillinga er plassert i Seksjon administrasjon og verksemdstyring i Eining for kurs og studieadministrasjon. Du vert leiar for 9 dyktige rådgjevarar. Eininga er ein viktig del av stab- og støttefunksjonen ved skulen. Stillinga krev at du samhandlar tett med leiarar og kollegaer i heile organisasjonen og våre eksterne samarbeidspartnarar. Du vert ein del av leiargruppa i seksjonen og i rektor si utvida leiargruppe.
Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring leverer stabs-, støtte- og servicetenester til skuleleiinga, dei tilsette, kursdeltakakarar og studentar. Seksjonen har ansvar for verksemdsstyring, økonomi, kurs- og studieadministrasjon, servicetorg, IKT, HR, kommunikasjon, skuleårsplanlegging, innhaldsforvaltning, kvalitet og HMS. Me har eit breitt samansett fagmiljø med høg yrkesstoltheit og godt lagspel.
Om Brann- og redningsskulen
Oppgåva til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Me tilbyr eit breitt utval av kurs, blant anna i brann og redning, førebygging, naudalarm, oljevern og leiing. I januar 2024 opna me ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med førebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Me bygger nå opp eit solid fagmiljø ved skulen og er på utkikk etter kollegar med ulik kompetanse. Som tilsett hjå oss er det mange høve til kompetanseheving og fagleg utvikling i åra som kjem.
Skulen ligg på Fjelldal, mellom Harstad og Narvik, og tek imot 160 nye studentar og over 1000 kursdeltakarar i året. Saman skal vi bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.
Les meir på: www.brsk.no
Offentleg søkjarliste
Me utarbeider offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova §25.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Gjennom både søknadsbrev og CV må du vise korleis kompetansen din fyller kvalifikasjonskrava som er skildra i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. I tillegg ber me om at du lastar opp både søknadsbrev og CV som vedlegg i PDF-format. Bakgrunnssjekk vert gjennomført. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- leie og utvikle Eining kurs- og studieadministrasjon
- ansvar for at opptak, administrasjon og dokumentasjon til kurs og studie er i tråd med gjeldande lovverk
- ansvar for å utvikle og kvalitetssikre kurs- og studieadministrative prosessar og prosedyrar
- ansvar for rettleiing til studentar og kursdeltakarar i regleverk og prosedyrar
- personal-, budsjett og resultatansvar
- samarbeide tett med kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
- administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- bachelorgrad innan relevante fag (t.d. organisasjon, administrasjon, leiing, jus). Høgare utdanning i kombinasjon med særleg relevant erfaring kan erstatte kravet om bachelorgrad. Utdanning frå utlandet må vera godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- erfaring med å leie personell, prosjekt eller fag
- erfaring med arbeid etter lov- og avtaleverk
- god forståing fr krav som vert stilt ved arbeid i statleg forvaltning
- svært god skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Me ønsker at du har:
- utdanning innan leiing
- erfaring med sakshandsaming etter lov og forskrift
- erfaring frå kurs-eller studieadministrasjon
- erfaring frå kvalitetsarbeid og med kontinuerleg forbetring
Forventingar til deg som leiar:
Medarbeidarane er DSB sin viktigaste ressurs. I leiarstillinga får du ansvar for eit stort spenn av oppgåver, og for å levere tenester innan ulike saksfelt. Du må difor være utprega samarbeidsorientert, følge opp medarbeidarane dine, gje dei tilbakemelding, og stimulere til utvikling aleine og saman med kollegaer.
Som leiar i DSB, skal du bidra til at me er ein moderne og profesjonell organisasjon, som leverer på samfunnsoppdraget vårt. Du må vera målbevisst og flink til å kommunisere både internt og eksternt.
Vilkår
- årsløn frå kr 785 000 – 920 000 som avdelingsleiar (stillingskode 1407)
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du svært gode vilkår kring pensjon, forsikring og bustadlån. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
- spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
- høve til å delta på relevante kompetansehevingstiltak både internt og eksternt
- BRSK er omfatta av særavtale om fleksibel arbeidstid
- høve til å trene i arbeidstida og tilgang på styrkerom og gymsal
Om stillinga, eininga og seksjonen
Stillinga er plassert i Seksjon administrasjon og verksemdstyring i Eining for kurs og studieadministrasjon. Du vert leiar for 9 dyktige rådgjevarar. Eininga er ein viktig del av stab- og støttefunksjonen ved skulen. Stillinga krev at du samhandlar tett med leiarar og kollegaer i heile organisasjonen og våre eksterne samarbeidspartnarar. Du vert ein del av leiargruppa i seksjonen og i rektor si utvida leiargruppe.
Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring leverer stabs-, støtte- og servicetenester til skuleleiinga, dei tilsette, kursdeltakakarar og studentar. Seksjonen har ansvar for verksemdsstyring, økonomi, kurs- og studieadministrasjon, servicetorg, IKT, HR, kommunikasjon, skuleårsplanlegging, innhaldsforvaltning, kvalitet og HMS. Me har eit breitt samansett fagmiljø med høg yrkesstoltheit og godt lagspel.
Om Brann- og redningsskulen
Oppgåva til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Me tilbyr eit breitt utval av kurs, blant anna i brann og redning, førebygging, naudalarm, oljevern og leiing. I januar 2024 opna me ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med førebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Me bygger nå opp eit solid fagmiljø ved skulen og er på utkikk etter kollegar med ulik kompetanse. Som tilsett hjå oss er det mange høve til kompetanseheving og fagleg utvikling i åra som kjem.
Skulen ligg på Fjelldal, mellom Harstad og Narvik, og tek imot 160 nye studentar og over 1000 kursdeltakarar i året. Saman skal vi bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.
Les meir på: www.brsk.no
Offentleg søkjarliste
Me utarbeider offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova §25.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Gjennom både søknadsbrev og CV må du vise korleis kompetansen din fyller kvalifikasjonskrava som er skildra i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. I tillegg ber me om at du lastar opp både søknadsbrev og CV som vedlegg i PDF-format. Bakgrunnssjekk vert gjennomført. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b6d004d4-1d24-4144-8a3a-d376f0b94a3b
- Hentet fra
sap
- Referanse
1324 BRSK