Undervisningstilling Haus skule
Osterøy kommune
Votlavegen 54, 5286 Haus, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningstilling Haus skule, fast 100%
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Om stillinga
- Haus skule har ledig ei fast undervisningsstilling for vår flotte 6.klasse. Stillinga er 100% og ledig frå 01.12.2025
- Hjå oss møter du ei positiv elevgruppe og engasjerte kollegaer.
- Vi legg vekt på variasjon i undervisningsmetoder og tilpassing til den enkelte sine behov.
- Vi ønsker at våre elevar skal oppleva læringsglede, mestring og inkludering.
Arbeidsoppgåver
- Kontaktlærar ansvar.
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i tråd med LK20.
- Bidreg til å skapa eit godt læringsmiljø og klassemiljø.
- Tett samarbeid med føresette og kollegaer.
- Deltek aktivt i skulen sine satsingsområde.
Vi tilbyr
- Kort reiseveg frå Bergen kommune: Kun 10 min frå Arna og gratis parkering rett ved skulen. Det er også god busskorrespondanse mellom Haus-Arna.
- Ein liten og oversiktleg skule, med tid til kvar enkelt elev.
- Godt kollegasamarbeid.
- Vi har jobba systematisk med vårt skulemiljø og du møter positive og flotte elevar.
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent utdanning ihht opplæringslova, fortrinnsvis GLU 1.-7., GLU 5.-10. eller allmennlærarutdanning.
- Fagkombinsjon norsk og matematikk er ein fordel, men andre fag kan også vere aktuelle.
- Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
- Det er ein fordel at du har kjennskap til våre arbeidsverktøy og system som Office 365 og Visma.
- Den som vert tilsett må leggje fram godkjent politiattest før den tek til i stilling jf. Opplæringslova §10-9.
Kven er du?
- Vi ser etter deg som er positiv og engasjert og ønskjer å bidra aktivt i elevane si faglege og sosiale utvikling.
- Du er til å stole på, byggjer relasjoner og er slik med å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
- Vi ser etter deg som brenn for å skapa læringsglede og varierer dine metoder i undervisninga for at elevane skal oppleva å mestre.
- Du tek aktivt del i vårt profesjonsfelleskap, samarbeider godt og er med å bidra for å skape ein god skule.
Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse!
I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Tryggleik for deg som lærar - får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon.
Tryggleik for familien din - Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.
Gunstig boliglån - Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta!
Livsvarig alderspensjon og AFP - Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.
Haus skule ligg vakkert til i Haus bygda med ein flott utsikt over Sørfjorden.
Skulen er ein fulldelt barneskule for 1.-7.trinn. Skulen har eit stort, flott og variert uteområde.
På Haus skule er ein opptatt av at elevane skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Skulen har eit aktivt elevråd som arbeider for at alle på skulen skal ha ein best mogleg skulekvardag.
Som Osterøyskulen generelt, har Haus skule lærelyst og meistring for framtida som sin visjon. Satsingsområda for skulen er elevmedverknad, eit trygt og godt læringsmiljø og lesing.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b69cfa6a-aa8f-482b-b8ca-3ce185318fcc
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264415